FINNØY:

Etter eit halvt år med koronastengt, kunne ungdom frå øyane på ny samlast i hallen på Judaberg. Det er tydeleg at både vaksne og ungdomar hadde behov for ein møteplass igjen. 68 ungdomar og 7 vaksenleiarar hadde tre innhaldsrike timar i lag fredag 4. september.,

- Er det greitt at eg sender dette biletet vidare til Øyposten, spurte me ungdomane.

- Ja, ja, sa dei nesten utan å sjå på fotoa. Dei hadde det meir enn travelt med å få sparka fotball eller spelt volleyball.

Det var høgt aktivitetsnivå og raudsprengde andlet ut over kvelden. Ein fantastisk gjeng med ungdom som koste seg med dei nemnde ballidrettane, samt bordtennis, airhockey, biljard og god drøs.

Omsetnaden i kiosken var stor, spesielt på brusfronten. Det var nødvendig med drikkepausar undervegs.

Populært fredagstilbod

Open Hall er eit tilbod som sokneråda i Finnøy og KRIK (Kristen Idrettskontakt) står bak. Anna kvar fredag er fleirbrukshallen open for ungdom frå 8. klasse og eldre. Tilbodet er blitt så populært at ein nå startar opp tidlegare om hausten og held på lenger om våren enn tidlegare.

- Det er heilt nødvendig når ein ser kor mange som kjem og ikkje minst kor kjekt ungdomane har det, seier Tor Øyvind Skeiseid, som er med i leiargruppa for Open Hall.

Saman med sine medleiarar fredag kunne han telja inn eit høgt deltakartal. Ikkje minst var det gledeleg at det velta inn med mange, nye 8. klassingar.

Rutinar mot smitte,

- Grunna smitteverntiltaka har me også måtte laga kohortar når det gjeld fotballsparkinga. Medan volleyballen er meir avstandsregulert i seg sjølv. Det var ingen problem å få ungdomane til å forstå verken reglar eller opplegg fredag. Dei kan rutinane frå skulen, og er nok flinkare enn mange vaksne, understrekar Skeiseid.

Og om temperaturen var høg og innsatsen stor under ballspelet, var forsamlinga både lydhøyr og roleg under andaktsstunda. Og ein slik pause midt på kvelden såg også ut til at dei unge både trengte og hadde nytte av.

Neste Open Hall er 18. september, og så går det slag i slag anna kvar fredag fram til og med 11. desember. I 2021 er oppstart 8. januar.