Ingen kaotiske tilstander i posten på Finnøy. Ordin Mjølsnes meiner folk handla ifrå seg under Black Week. Foto: Oddbjørg Måland

FINNØY:

- Med Black Week friskt i minne var me førebudd på det verste denne jula. Med aukane nettsal generelt og koronasituasjonen på toppen, var det all grunn til å tru at julerushet ville ta av, men slik blei det heldigvis ikkje. Folk har vore flinke å henta pakkane sine ettersom dei har fått hentemelding på telefonen, så me har på ingen måte opplevd reprise på Black Week. Me veit jo sjølvsagt ikkje kva som kjem av pakkar ifrå dag til dag, slik sett kan det ennå komma travlare dagar, men enn så lenge har me kontroll, seier Ordin Mjølsnes på postkontoret på Byggmixen.,

Pakkerommet er fullt, men ikkje overfylt. Store og små esker er fint pusla på plass i hyllene, og dei aller største stabla på golvet.

Trenden er den same over heile landet, aldri før har det blitt sendt så mykje julepakker som nå.  På mange postkontor har det hopa seg opp med pakkar i innleigde konteinarar, lager, spiserom og garderobar. Men slik er det ikkje på Finnøy

- Nei, det minner meir om slik me hadde det i butikken i november/tidleg desember etter Black Week. Då var det fullt opp med pakkar over alt, til og med lageret ute blei teke i bruk. Vanlegvis får me ei posttralle per dag, men på meste i den perioden kom det opptil seks traller kvar dag. Nå har det gått føre seg i langt meir ordna former, sjølv om det i denne jula har sirkulert rundt 50 prosent meir pakkar gjennom butikken samanlikna med jul i fjor. Eg trur folk handla ifrå seg i under Black Week. Det som eg imidlertid tykkjer er litt urovekkande er at det er svært mange unge som handlar på nett. Eg veit dei er fødd inn i den digitale verda, og at dei opplever det meir normalt enn andre som har levd lenger. Men eg tenker på framtida til butikkane, og spesielt dei små nisjebutikkane. Det er synd viss mangfaldet forsvinn og det berre er dei store kjedene som klarer å overleva.

- Kva med julekort?

- Det er betydeleg mindre julekort. For kvart år har talet på julekort gått nedover. Det kan sjå ut som dei tradisjonelle julekorta er i ferd med å verta utfasa til fordel for digitale julehelsingar på sosiale medium.

Ifrå du får melding frå posten har du 14 dagar på deg til å henta pakkar og andre sendingar på postkontoret. Dersom du ikkje hentar sendinga innan tidsfristen blir den returnert til avsendar.

- Det hender kvart år at pakkar ikkje blir henta før jul. Det er sjølvsagt trist for dei som ikkje får julegåvene sine, men det har aldri vore eit stort problem. Dei aller fleste får sin rette eigar i romjula, avsluttar Ordin Mjølsnes som skal jobba endå norke dagar før han tek ein velfortent juleferie