-Mindre søppel i havet nå enn før, seier oppsynsmann Ole Tom Tufte i Ryfylke Friluftsråd etter ryddeaksjonen i øyane laurdag.|Juliane Thorbjørnsen frå Oslo og organisasjonen "In the same boat" var med på ryddekajson i Sjernarøyane i fjor. Nå¨har kommunen sett av pengar til frivillige lag og organsiasjonar som vil gjera ein innsats for reinare strender.|Sissel Vadla frå Sjernarøy hadde med seg ein bærepose med landbruksplast.|Øystein Dahle og sonen Birk Austrheim Dahle frå Stavanger nyt velfortente vaflar etter å ha vore med på strandrydding.|Hanne Fagerheim Furre hadde si fulle hyre med å steika vafler på Sjernarøy Maritim til svoltne strandryddarar.

SJERNARØY:

Sjernarøy Maritim spanderte saft og nysteikte vafler på ryddemannskapa, som både var lokale og kom langvegs frå, jamvel ein heilt frå Frankrike.,

-Det er det minste me kan gjera når dei held strendene våre reine og fine. Det kjem alle til gode, seier Johnny Furre i Sjernarøy Maritim til Øyposten.

Hanne Fagerheim Furre hadde si fulle hyre med å steika vafler på Sjernarøy Maritim til svoltne strandryddarar. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Etter tre timar strandrydding fekk vaflene som Hanne Furre Fagerheim steikte, føter å gå på.

Oppsynsmann Ole Tom Tufte i Ryfylke Friluftsråd er godt nøgd med ryddeaksjonen, og fastslår at strendene i øyane er blitt merkbart reinare dei seinare åra. Det meiner han dei grufulle bileta av kvalen som stranda på Sotra for fire år sidan med magen full av plast har mykje av æra for.

Ein vekkar

-Det blei ein vekkar for mange. Folk er mykje flinkare til å ikkje kasta frå seg plast og anna søppel  i naturen nå enn før dette skjedde. Nå finn me bare unntaksvis større gjenstandar av plast, som blåser eller kanner eller større isoporbitar, det meste er mindre plastbitar. Mykje er rester av tauverk og ein god er del skytetråd, og truleg er det fortsatt skytetråd i strendene frå bygginga av Ryfast, meiner han.

Sissel Vadla frå Sjernarøy hadde med seg ein bærepose med landbruksplast. -Kjekt å rydda, synes ho. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Tufte legg til at ifølge rapportane frå mellom anna Jæren Friluftsråd har ikkje forbetringa vore like stor langs jærkysten.

-Søppelet der kjem nok langvegs frå, og tyder på at me er flinkare i Norge enn i mange andre land til ikkje å kasta søppel i naturen, seier han.

Juliane Thorbjørnsen frå Oslo og organisasjonen "In the same boat" var med på strandryddinga. Skytetråd var blant søppelet ho fann. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Men sjølv om det er mindre søppel i år enn før, blir det likevel mengder av det.  Ombord i friluftsrådet sin båt "RyFri" var det to og ein halv 600 liters kontainarar med søppel frå Rossmarkvågen på Nord-Talgje etter ryddeaksjonen laurdag.

Kjekt å rydda

Sissel Vadla og Else Norheim rydda i dei vestvendte strendene på Tjul denne laurdagen, og også dei synes det er mindre søppel nå enn før.

Øystein Dahle og sonen Birk Austrheim Dahle frå Stavanger nyt velfortente vaflar etter å ha vore med på strandrydding.

-I forfjor fant me heile 16 sekker med søppel, men nå er det mykje mindre, seier Sissel Vadla, som synes det er kjekt å rydda.

-Det er kjekt å gjera det fint, dette er eit arbeid me kan kosa oss med, seier ho.

Ved sida av Ryfylke Friluftsråd var både frivillige og Redningsselskapet pluss organisasjonane "Clean Shores" og "In the same boat" med på strandryddinga.