Hovedvegen gjennom Judaberg sentrum er vakkert julepynta. Men det skal bli fint i Vikevåg og. Foto: Oddbjørg Måland.

FINNØY: Me kan ikkje huska at sentrum har vore vakrare julepynta nokon gong.,- Det kjem på Vikevåg også, seinast i midten av neste veke. Og det blir minst like fint som på Judabeg, forsikrar

Eirik Solbakken

Christophersen i

Natur- og idrettservice, Finnøy og Rennesøy.,I fylgje Christophersen har Vikevåg vore fint julepynta kvart år, og at det eigentleg er Judabeg som som har ligge bakpå. Det er imidlertid ingen regel for kva tid julelysa skal opp, det kan varierera ifrå år til år. På Judaberg velde han å setta opp dei kommunale lysa samtidig med handelstanden i sentrum, og det er desse kreative sjelene som har lagt føringa for pyntinga i år.,- Me fekk ein grei pott med pengar frå kommunen til bruk på belysning, det gjer at me har skifta en del lys på eksisteande julepynt i Vikevåg, og meir kjem til, blant anna eit flott opplyst juletre ved ankeret inst i bukta., Då er det berre å venta og gleda seg til eit vakkert julepynta sentrum i Vikevåg.,