Denne veka gjekk også driftssjef i Helgø Meny, Egil Rage, ut i regionsavisa Stavanger Aftenbald og oppmoda forbrukarane til å redda norsk lokalmat.,

"-Kampanjar i daglegvarebutikkene, norske turister og minimal grensehandel har reddet lokalmatprodusentane gjennom den første fasen av koronakrisen. Nå står slaget om fremtiden",

var oppropet frå  driftssjef Rage.,

-Har teke heilt av

Marknadssjef i Helge Meny, rennesøybuen Oddvar Hanasand, bekreftar utviklinga. Dei tre regionale daglegvarebutikkane på Tasta, Stokka og Hundvåg er av dei få store daglegvarebutikkane som gir rom for eit breiare spekter av dei mindre lokalmatsprodusentane i butikkhyllene sine.

-Me har vore heilt bevisst på å marknadsføra Finnøy,Rennesøy og Ryfylke som eiga merkevare for sine lokale produkter som eksempelvis tomat og jordbær. Det har ikkje minst omsetningstala i år vist. Ja, faktisk har me hatt ein omsetningsvekst på desse produkta på over 15 prosent. Og det er markant over den generelle veksten i daglegvarebutikkane som mest alle registrerer no i år?

-Kva trur du hovudgrunnen til dette er?

-Eg trur forbrukarane meir og meir ser verdien av lokal kortreist mat, og sjølv om prisnivået ligg generelt ligg noko høgare, viser fleire også vilje til å betala meir for kvalitetsprodukt med lokal identitet?

,-

Så du trur ikkje dette berre er forbigåande på grunn av  stengte grenser, redusert grensehandel og koronasituasjonen generelt?

-Det håpar eg ikkje. Men det står enno att å sjå kva som vil skje når dette ein gong normaliserer seg. Det er difor Helgø Meny, som ein betydeleg regional daglegvareaktør, no går ut med denne oppfordringa, seier Hanasand.

,-

Men er ikkje hovudfokuset til slutt å vinna priskrigen? Og då blir vel den langt meir dyrare nisjeproduserte lokalmaten lett taparen?

-Det er sjølvsagt alltid eit spørsmål om om volum og pris.Men produksjon av lokalmat, spesielt her i Rogaland og i vårt nærområde på Ryfylkeøyane, har vist seg å bli veldig godt motteken. Då har me alle som er opptekne av dette også eit stort ansvar. For dette genererer både arbeidsplasser, er bra for klima, og det posisjonerer heile regionen og fylket som Matfylket nummer ein her i landet.Det er veldig viktig å ta innover seg, om me verkeleg meiner noko med det, avsluttar marknadssjefen frå Østhusvik og Rennesøy.

Positiv utvikling over tid

.,

- Me var eigentleg også inne i ei fin utvikling før koronapandemien slo inn, og store delar av samfunnet blei stengt ned. Men då koronaen meldte sin ankomst i mars, fekk me ein formidabel vekst, opplyser Kristan Taraldsvik. Han er dagleg leiar ved Sjæveland Gardsutsalg.- Så langt har me faktisk hatt ein omsetningsauke opå heile 20 prosent hittil i år.

Gardsutsalget ligg like i vegkanten ved trafikkerte Rv.44 mellom Sandnes og Bryne, og er mellom dei eldste og største gardsutsalga i Sør Rogaland.,-Utgangspunktet for drifta er både eigenproduserte lokale varer frå eigen gard og bakeri.Men også norske varer produsert frå andre kanter av landet, er å finna i vårt vareutval, legg Taraldsvik til.,- Difor får me varer frå både Lofoten, Trøndelag, Bergen, Valdres og Oslo med meir. Dette har det vist seg at kundane våre set stor pris på.,På ein vanleg god handledag er det gjerne både 500 og 600 kundar innom butikken på Sjæveland..

-Men sidan me har kundar som også kjem frå andre land, har me også utvida sortimentet vårt med ein viss import. Så slik sett er me vel kanskje ikkje ein typisk representant for eit tradisjonelt gardsutsalg, basert på berre kortreiste lokale varer. Men det er jo det som er sjølve basisen då, legg han til.

                               Over alle forventningar og prognosar

Dei siste åra etter at Finnfast vart teken i bruk, og trafikken over Finnøy auka, har det dukka opp mangt eit "lite skur" langs vegane på øya,der folk kan kjøyra til sides for å kjøpa seg lokale og typiske finnøyprodukt som egg og tomat. Slik var det også på Nærland i lang tid, før eggprodusenten og bonde Tor Bjarne Flesjå tok steget fullt ut. I mars i år opna nemleg han og kona Kirsten eit flunkande nytt og topp moderne gardsutsalg like ved Fylkesveg 519 på Reilstad.

-Responsen etter opninga i midten av mars har vore overveldande, opplyser ein svært tilfreds gardsbutikkeigar.

-Omsetninga i butikken har vore langt over det me hadde drøymd. Og folk har tatt godt imot det utvida tilbodet me no har fått mogelegheit til å gi i dei nye lokala.,Der har me fått på plass eit sortiment basert på kortreiste lokale produkt, sjølv om me supplerer litt med både potet og gulerøter frå både Randaberg og Jæren innimellom. Og tilbakemeldingane er utelukkande positive;,-Ferske varer, aktuelle produkt med passe utvalg i ein butikk som både er tilgjengeleg og fin, er tilbakemeldingar me ofte får. Også betalingsmåten via "Vipps Go" er genial for ein sjølvbetjent butikk som denne, der også kontant betaling kan nyttast, avsluttar den ferske gardsbutikkeigaren på Nærland.

-Eit litt anna konsept

Også på Klostergarden ved Utstein Kloster, møter me ein tilfreds og smilande eigar av det vel to år gamle gardustsalget der, Inger Lise Rettedal. Den store trafikken av turistar til det tradisjonsrike klosteret der, genererer også mykje trafikk til det utruleg vakre gardsutsalet nede i sjøkanten. Eit sjøhus med ein arkitektur som også har blitt lagt merke til internasjonalt.

-Me har vore svært bevisst på å smelta saman gamal kultur og byggeskikk, ved å tilby både lokale husflid og handverkstradisjonar og andre kortreiste produkt frå både Mosterøy/Rennesøy, og nærområdet i både Ryfylke og på Nord Jæren.

-Eg er difor stolt over det me har fått til her. Målet er å smelta saman konseptet mat, natur og kultur. Men eg er minst like stolt over det dei mange lokalmatprodusentane me no har fått både på Jæren, Stavanger og i Ryfylke etter kvart, seier Inger Lise.,Ho har sjølv i fleire år vore svært aktiv med å byggja lokale merkevarer, og for å styrka vilkåra for lokalmatprodusentane i regionen.,Det har mellom anna resultert i det lokale merkevarekonseptet, "Klostergarden", som Klosterlam kjem frå og som  no også har fått forgreiningar innover til andre øyar i Ytre Ryfylke. Øyar som Rennesøy,Mosterøy,Fjøløy,Klosterøy,Sokn, Bru og Finnøy . Dei er blitt ei kjent merkevare i alle REMA-1000 butikkane etter kvart.

Det var som kjent på det store sauebruket ved Utstein Kloster, som Inger Lise driftar saman med mannen sin, at merkevaren "Klosterlammet" starta.

-Målet mitt er å tilby flest mogeleg norske råvarer med norsk design og opphav. Då ved å kjøpa direkte frå bonden .Det fører til at me kan kutta ut grossistleddet, og vegen til forbrukar bli kortare. Sluttproduktet er meir pengar til bonden og produsenten.

Akkurat her hos oss ynskjer me å tilby matvarer med lengre holdbarhet. Me sel eksempelvis husflidsartiklar og saueskinn, i tillegg til matvarer som lokalproduserte ostar, is frå Renaa, eplesaft, marmelade, lokaprodusert honning osv. er andre produkt som me tilbyr.

-På Klostergården har me ikkje så mykje ferskvarer som andre har i sitt sortiment, som eksempelvis frukt og grønsaker. Me har likevel funne vårt opplegg og konsept som er meir tilpassa alle dei turistane og kundegruppa som kjem til klosteret. Men også vår arbeidskvardag elles.Dette har vist seg å fungera bra etter to års drift. Det tyder også tilbakemeldingane på, slår Inger Lise fast.

Og akkurat i år har me merka auka trafikk etter at me opna opp. i juni. Gjester kjem heilt frå Austlandet for å besøka klosteret, men også for å besøkja "Klostergården".Me merkar tydeleg ei auka bevisstheit rundt dette med kor produkta kjem ifrå. At dei er ekte, og er lokal produserte. Difor har på ingen måte dei utfordringane som koronakrisa har gitt, redusert mine og våre ambisjonar og tru på at dette er ei rett satsing. Faktisk har me fått ei forsterka tru på at det er det ekte og nære som blir viktigare i framtida, smiler ein optimistisk eigar av Klostergarden.