FINNØY/RENNESØY:Trafikken i 2020 var rettnok 3,3% lågare enn i 2019. Noko som i følge årsmeldinga er mindre enn det ein hadde venta i samband med koronapandemien. Og etter at store delar av samfunnet har vore nedstengt i kortare og lengre periodar.,Dei statlege tilskota, i all hovudska ferjeavløysingsmidlar, utgjorde vel 10 millionar kroner. Samla driftsinntekter blei dermed 52,093 millionar kroner, som er ein oppgang på 3,014 millionra kroner frå året før. Det står nå att 138 millionar kroner å betale ned, i følge pressetalsmann Marit Husa i bomselskapet Ferde. Noko som tilsvarar ein reduksjon på 47 millionar kroner , frå 185 millionar kroner i 2019.Adminitrasjonskostnadane for å drifta Finnfast var på 4,4 %, opplyser bomselskapet. Dersom ein legg dei same driftsutgiftene og driftskostnadane til grunn for nedbetalinga i åra som kjem, vil Finnfast vera nedbetalt innan 1. januar 2024. Altså,om vel to og eitt halvt år.,