FINNØY:

Forslaget frå Bjorland Dahl har fylgjande ordlyd:-"

Fylkestinget ber om at det legges frem en orienteringssak for samferdselsutvalget på kostnadsoverslag og mulig finansiering av prosjektet Øyfast. Konkret skal det ses på hvordan ferjeavløsingsmidler og bidrag fra Stavanger kommune kan bidra til finansieringen."

Som Øyposten tidlegare har omtala så har regjeringa, då Fr.P hadde samferdselsministeren, tidlegare vedteke at dei såkalla ferjeavløysingsmidlane kan nyttast i 40 år til å finansiera vegprosjekt som erstattar ferjer.

Det nye anbodet på ferjedrifta i Finnøysambandet, som trer i kraft frå årskifte, har ei samla kostnadsrame på 767 millionar kroner, og strekkjer seg over 8 år. Den årlege kostnaden for å drifta Finnøysambandet vil såleis vera på 95,8 millionar kroner dei neste 8 åra.

Om ein då legg desse tal til grunn og inn i finasieringspakken for Finnfast i 40 år framover, vil ein samla sum til å finasiera eit Øyfast kunne bli på omlag 3,8 milliardar kroner.

- Det er mellom anna desse tala politikarane i både Fylkestinget og Stavanger kommune konkret må få kjennskap til og bekrefta frå departementet, understrekar tidlegare ordførar i Finnøy kommune og nåverande  gruppeleiar for Kr.F i Stavanger kommunestyre, finnøybuen Henrik Halleland. Han håpar at dette kan vera med å kasta eit litt anna lys over kostnadsaspektet ved Øyfast og heile samfunnsnytten av fastlandstilknytninga for øyane i Ryfylkebassenget.