FINNØY:

I forbindelse med den årlege Mobilitetsveka 16. – 22. september inviterte kommunen alle innbyggarane til å komma med forslag kor det bør settast ut tre nye benker ni den nye kommunen; ein i Stavanger, ein i Rennesøy og ein i Finnøy.,

-Forslaga var spesielt mange frå Finnøy, her er det tydeleg at det manglar benker å sitja på, seier Claus Sigurd Petersen, prosjektleiar i avdelinga for Park og vei i Stavanger kommune til Øyposten.

Det har også kome inn forslag frå Rennesøy, men her er det endå ikkje bestemt kor benken skal stå.

-Me kjem til å ta alle forslaga med oss vidare, og det er godt mulig det kjem til å koma fleire benker etter kvart, legg Petersen til.

I Finnøy falt valget til slutt på badeplassen Skyljarvik på Kyrkjøy i Sjernarøyane.

- Lundarvågen er ei populær badestrand med fin utsikt, på ei øy som ikkje har så mange sitteplassar frå før, seier Petersen om kvifor Lundarvågen blei valgt.

Benken er i stål og tre, har ein moderne "look" og er ein benk som Stavanger kommune har plassert fleire av i Pedersgata i byen. Benken er produsert av firmaet Vestre i Magnor, som har spesialisert seg på møbler for byrom med livstidsgaranti. Benken som er plassert ut på Sjernarøy har ein prislapp på 12.000 kroner.

Plassen kor benken står har også ein viss historisk relevans. Då forfattarparet Tarjei og Halldis Vesaa budde på Kyrkjøy sommaren 1935, gjekk Tarjei Vesaas ofte hit og let seg inspirera, blir det fortalt. Det er også her forfattaren Alfred Hauge trødde sine barnesko.