Denne draktkombinasjonen blir det nå slutt på. Heretter skal shortsane vera svarte.|Leiar i Finnøy Idrettslag, Bendik Heggelund, er glad for at fotballen er i gang igjen.

FINNØY:

- Før i tida var det bare skjorta som måtte vera lik. Spelarane kunne bruka kva shorts dei ville, noko som førte til mange artige kombinasjonar, seier fotballveteranen Tore Ladstein frå Finnøy til Øyposten.,

Han kan ikkje hugsa at folk spelte i badebukse, men utelukkar det ikkje.

-Kva tykkje du om svart shorts?

-Det var raud skjorte og kvit shorts som var den opphavlege kombinasjonen. Men det har vore litt ulikt opp gjennom åra. Mellom anna fekk me eit godt tilbud på lyseblå drakter ein gong på 80-talet, men det fall ikkje i smak. Svart shorts er praktisk i den forstand at du slepp å vaska dei så ofte, men med så mange kunstgrasbanar som nå er vel ikkje det noko problem, seier Ladstein.

Leiar i Finnøy Idrettslag, Bendik Heggelund, går på to nye år som leiar.

Årsmøte i Finnøy Idrettslag attvalde ellest Bendik Heggelund som leiar, mens Anita Foldøy blir ny leiar i fotballgruppa etter Erik Torger Flesjå-Johansen.

,Heggelund går dermed inn i sitt fjerde år som leiar av idrettslaget. Laget har ein solid økonomi, som syner eit overskot på heile 675 .811 og eit byggelån på 1 millionar kroner. Med dei uteståande sponsorfordringar som vil koma i inneverande år, ville heile nybygget i praksis kunne ha vore nedbetalt berre eitt år etter ferdigstillinga.

Når det gjaldt bytet av draktfargar, var det eit samrøystes årsmøte som gjorde vedtaket. Dermed vil begge dei to naboklubbane Mastra og Finnøy ha den same draktkombinasjonen i rødt og svart med raude strømper til.

-Det trur eg nok skal gå greit når me møtes i prestisjefulle nabooppgjerd, og me har heller ikkje motteke nokre reaksjonar frå våre gode naboar lenger sør, kommenterer formann Heggelund.

Det nye styret i Finnøy Idrettslag har fylgjande samansetjing:

Hovudstyre:

Leiar:                                                                     Bendik Heggelund

Nestleiar:                                                               Even Berglund Isachsen,Leiar aktivitet:                                                        Tor Eggebø,Leiar fotball:                                                           Anita Foldøy,Medlemsansvarleg:                                               Monica Puntervold,Økonomiansvarleg:                                               Mari Berge,Dugnadsansvarleg:                                               Ørjan Klev Ladstein,Klubbhusansvarleg:                                               Rose Iren Settem,Nettsideansvarleg.                                                 Charles Nærland Olsen,Vaktmeister og 1. varamedlem:                             Per Steinsland