Kva skjer med gang-og sykkelstien?

Etter mange år med omfattande politisk behandling på alle nivå, artiklar, innlegg og lesarbrev i avisa, er det framleis ikkje teke eit einaste spadetak i arbeidet med den mykje omtalte gang-og sykkelstien mellom Judaberg og Reilstad.

Gro Skartveit og Geir Pollestad inspiserer den livsfarlige vegen mellom Judaberg og Reilstad. Bilete er ifrå 2013.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

I fjor haust sende tidelgare ordførar Henrik Halleland eit oppklarande lesarbrev til Øyposten kor han greier ut om status i saka.,

- «Sykkelsti mellom Judaberg og Reilstad har vore ei prioritert sak i gamle Finnøy kommune i mange år. Den har vore jobba med av 3 ordførarar og like mange kommunestyre. I 2013 kom det forslag om å finansiera prosjektet med bompengar frå Finnfast, og Geir Pollestad kom frå Oslo til Finnøy med beskjed om at samferdselsdepartementet hadde gitt grønt lys for å bruka bompengar frå Finnfast til å greia ut sykkelsti-prosjektet. Like etter stranda prosjektet på grunn av manglande regulering, men starta opp igjen seinare og reguleringa blei fullført i 2018. Etter dette blei prosjektet spelt inn i Rogaland fylkeskommune sin handlingsplan for fylkesvegar, men fyrst i perioden 2022-23. Prosjektet var heller ikkje prioritert.

Dette førte til at kommunen hadde møte med Statens Vegvesen hausten 2018. Her blei det einigheit om å gå vidare på sporet om bompengefinansiering for å framskynda prosjektet. I desember 2018 gjorde kommunestyre nytt vedtak om bomfinansiering.

Etter dette vedtaket har det, ikkje berre i Finnøy, men over heile landet, vore ein stor debatt kring nytteprinsippet i samband med bompengeprosjekt. I nasjonal transportplan for 2014-2023 står det følgjande:  «Krav om samanheng mellom betaling og nytte er eit viktig prinsipp som skal liggja til grunn for bompengeinnkrevjing»

Saka har ikkje høg prioritering hjå Statens Vegvesen.

I eit skriv i frå SVV etter møtet med kommunen står det fylgjande:

-«Prosjektene er for øvrig blitt spilt inn til Handlingsprogram for fylkesveg 2018-2021 (23), men er ikke høyt prioriterte i Handlingsprogrammet og vil nok ikke nå opp i inneværende handlingsprogramperiode. Kommunen kan melde prosjektene inn på høyeste prioritet i HP 2022-2025 (27) og vil da konkurrere med resten av Rogaland om begrensede midler.»

Så her står saka i dag.

Gro Skartveit var ordførar i Finnøy på den tida, og engasjerte seg sterkt i debatten.

- Dette er ei sak som burde vore løyst for lenge sidan. Det er ein skandale at ingen kjenner på eit ansvar her. At saka står like uløyst som for sju år sidan, er ikkje til å tru, seier Gro Skartveit som var ordførar i Finnøy, og tok imot dåverande statsråd Geir Pollestad som i eigen person kom til Finnøy med gladnyheita om at samferdselsdepartementet hadde gitt grønt lys for at det her var samanheng mellom betaling  av bompengar og nytte i samband med sykkelstien. Planen vidare då var at vegvesenet skulle lage reguleringsplan, kostnadsoverslag og så skulle saka til stortinget for endeleg avgjerd.

- Det var ein stor dag. Geir Pollestad kom til Finnøy i eins ærend for å overrekka denne fantastiske beskjeden. Endeleg, etter mykje jobbing,  kunne det sjå ut til å bli ei løysing på eit stort og , bokstavelig talt, livsfarleg problem i kommunen. Nokre innbyggjarar var skeptiske til å nytte bompengar, dei meinte at fylkeskommunen skulle betale. Fylkeskommunen sa då at dei ikkje ville prioritere denne sykkelstien. Difor opplevde eg at kommunestyret var klåre på at dei ville nytte midlar frå finnfast.

At det no har vore diskusjon om at ein skal gå vekk frå å nytte bompengar og i staden finansiere sykkelstien via fylkeskommunen, der prosjektet må inn på handlingsprogram for fylkesvegar, reagerer eg på. Det kjem heilt klart fram at dette ikkje er noko som vil bli prioritert.  No må nokon på banen, og det raskt, for å få gang på denne saka i det sporet ho opphavleg var, seier Skartveit og legg til at dersom reguleringsarbeidet er gjort så er det ikkje mykje som står igjen i prosessen.

- Trafikken aukar for kvart år, og det er mange mjuke trafikantar på denne strekninga . No må dei som har ansvar i kommunen snarast mogleg gripa fatt i dette og ha dialog med fylkeskommunen slik at me ikkje risikerer personskader eller at liv går tapt, avsluttar Gro Skartveit.

Publisert: