10 hjort kan fellast på Finnøy

Stavanger kommune seier ja til hjortejakt for første gang på Finnøy.  10 dyr kan fellast.

Nå har hjorten også gjort sitt inntog på Talgje.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FINNØY

: Vegard Ankarstrand, naturforvaltar i Stavanger kommune, opplyser at at hovedvekta er lagt på unge dyr.,

-Så lenge det er unge dyr som blir felt er risikoen for overbeskatning liten. Talet på fellingsløyver er også fastsett ut frå tidlegare Finnøy kommune sine reglar om eit visst minsteareal for å få lov til å jakta, opplyser Ankarstrand til Øyposten.

Han vil ha møte med dei vald-ansvarlege på øya før jakta, for å laga ein god plan for jaktsesongen.

-Når jegarane begynner å jakta vil me også få betre oversikt over bestanden, reknar Ankarstrand med.

Løyvet for Finnøy gjeld fire kalver, to spissbukkar, tre koller og ein vaksen kalv.

Kai Petter Flesjå er ein av grunneigarane som har vore involvert i arbeidet med å få i stand hjortejakt på Finnøy.

-Eg trur 10 dyr står rimeleg godt i forhold til bestanden, seier Flesjå, som gledar seg til å kunna dra på hjortejakt for første gang på heimeøya i haust.

-Det blir spennande. Men det er nytt for oss, og me må ha ein god plan. Det er mange hensyn å ta. På Finnøy er det mellom anna mykje dyr på beite, seier Flesjå, som legg til at arbeidet med å samla inn underskrifter får grunneigarane ikkje er heilt i mål.

-Det er snakk om godt over hundre grunneigarar, og me rakk ikkje over alle før fristen i vår. Difor blir det i haust heller ikkje jakt på heile øya, opplyser Flesjå.

Publisert: