Hesby barnehage på Finnøy er alt vedteken lagt ned.

Totalt har kommunen spelt inn ein krisepakke på 423 millionar kroner til Kommunenes Sentralforbund, som vil samordna innspela frå alle kommunane overfor Regjeringa.,

Av dette er dette er det lista opp prosjekt i Finnøy og Rennesøy på rundt 100 millionar kroner. Blant dei største prosjekta er nytt kommunalt bygg i Vikevåg som mellom anna skal husa innbyggartorget, og utbetring av Åmøy kai. Men lista omfattar ogaså rehabilitering av ei lang rekke bygg i dei to kommunane.

-Dette er foreslått ut frå ei reint fagleg vurdering om kva prosjekt som kan setjast i gang raskt, opplyser direktør Leidulf Skjørestad i Stavanger kommune til Øyposten.

Ifølge Skjørestad er ikkje lista politisk forankra ennå.

-Først må me vita kor mykje me får, før det kan prioriterast mellom prosjekta, seier han.

Den komplette lista ser slik ut for dei to kommunedelane:

"Forslag til motkonjunkturtiltak som ikke lå i økonomiplanen til kommunen – eller som kan forseres:

Prosjekt                                                                                        Når?                    Kostnad

Rehabilitering Rennesøy skole – tak og fasade                            2020                  1.1 mill

Rehabilitering Mosterøy skole – utskift belysning                         2020                  300 000,Skatebane, trinn 2, Rennesøy                                                      20/21                   2 mill.,Rehabilitering Austre Åmøy kai                         anbud sendes ut 2020                  12 mill.,Kommunehus Vikevåg                                                                `                           80 mill.

Hesby barnehage – fasaderenovering                                         2020                   500 000

Halsnøy barnehage – fasade, utskift vindu/kledning                    2020                   600 000,Ombo oppvekstssenter fasade og belysning                                2020                   600 000,Sjernarøy oppvekstsenter, fasade, belysning osv                         2020                  1.5 mill.

Lekeplasser Finnøy/Rennesøy etterslep                høst                2020                  1.5 mill