Trass i store økonomiske kutt på sjukeheimen meiner leiar Gaute Tengesdal at det er fullt mogleg å oppretthalda forsvarleg drift. Foto: Arkiv.|

-Det er kjekt å kunna åpna for besøk igjen, seier Gaute Tengesdal, virksomhetsleiar ved Finnøy helse- og omsorgssenter på Finnøy til Øyposten.,

Omsorgssenteret, eller sjukeheimen som den ofte blir omtalt på folkemunne, har i praksis vore meir eller mindre stengt for besøk i to månader. Men frå og med i dag kan dei eldre igjen motta besøk.

-Det skjer etter dei retningslinjene for smittevern som Stavanger kommune har bestemt. Besøk skal avtalast, og det skal helst ikkje vera meir enn ein til to personar under kvart besøk. Alle besøk skjer utandørs utfor avdelingane, opplyser Tengesdal.

Dei tilsette vil også ringja rundt til dei pårørande for å informera om dei nye reglane, og det vil dessutan liggja informasjon om dette på kommunen sine nettsider. Også ved Rennesøy helse- og omsorgssenter blir det nå åpna for besøk. På Finnøy er det totalt 40 beburarar som nå får møta igjen sine kjære ansikt til ansikt.

-Sidan dette må skje utandørs, får me håpa på ein mild og fin mai, seier Gaute Tengesdal.