Om kort tid skal rundt 1900 personar vaksinerast i Fleirbrukshallen. Foto: Jon Asgaut Flesjå

Like før deadline i dag, tikka linken til årsmeldinga for lokalbefolkninga på Finnøy si eiga felles storstove, Finnøy Fleirbrukshall, inn på PC-en vår her i Øyposten. Symbolikken som avspeglar innhaldet ,verdigrunnlaget og sjølve hovudintensjonen bak heile dette raktbygget, kunne vel knapt nok vore meir illustrerande og viktig enn akkurat i dag.,

Her blei heile lokalsamfunnet invitert til å vera med i eit eige spleiselag, eller lutlag (SA), for å realisera bygget. Privatpersonar, idrettslag, husflidlag, ungdomslag og til og med kristne

organisasjonar blei invitert inn til å vera med å løfta i flokk for å realisera denne felles møteplassen for gode opplevingar - for ALLE.

Me som var så heldige å få vera tett på denne prosessen den gong, og ikkje minst få delta på den store opningsfesten den 15.mars 2003, hugsar denne merkedagen i lokalhistoria som om den var i går.

«Pappa-eg trur mest ikkje at det som eg har fått opplevd her på Finnøy i kveld - verkeleg er sant», uttalte ei sliten og overlykkeleg lita tenåringsjente til far sin i dei seine nattetimar på

veg heim etter å ha fått vera med på å få «tjuvstarta opningsfesten» . Det i form av ei eiga natt-turneringa i fotball i den blankpussa nye hallen kvelden før.

Historia etterpå kjenner dei fleste av oss. Men det mangla heller ikkje på skeptikarar og åtvaringar i forkant, spesielt frå offentleg kommunalt hald og lokalbanken.

Men eldsjelene bretta opp ermane, for trua var sterk på at dette skulle me få til. Dei mange allsidige og nevenyttige handverkarane, bøndene og praktikarane elles som me er så

uvanleg godt utrusta med her i våre små lokalsamfunn, fekk utnytta sin kreativitet og enorme stå på vilje til fulle.

Vedlikehald og tilsyn er i all hovudsak blitt gjort på dugnad i alle åra etterpå. Også tidlegare Finnøy kommune såg nytteverdien, og la etter kvart all sin kroppsøvingsaktivitet inn her som leigetakar. Det ga etter kvart eit heilt nødvendig økonomisk fundament.

Men den daglege drifta har i alle desse åra i etterkant blitt styrt etter nøysemdprinsippet. Noko som ligg i solid forankra i ryggmergen i vår lokale bondekultur. Det kan me alle hausta frukter av i dag; Storstova presenterer seg nemleg også i dag, snart 20 år etter, som eit praktbygg som også offentleg kommunal sektor kan ta stor lærdom av.

Og akkurat i dagens krisesituasjon for ein heil nasjon, og verda med, kan det vera godt å minna kvarandre om desse fellesskapsverdiane. Når denne krisa så ein gong tek slutt,

,vil publikum igjen strøyma til nettopp slike felles arenaer, som særleg idretten og frivillege lag og organisasjonar representer. Det viste ikkje minst tida etter den historiske fredsdagen den 8. mai 1945.