Rustholkane på Bru: Den eine vekke før jul

Etter mange års kamp mot dei miljøfarlege skipa, kan det endeleg sjå ut til å bli ei løysing på problemet.

Tor Bernhard Harestad er mildt sagt klar for at dei gamle supplyskipa skal fjernes frå kaia ved Bru. Når enn det måtte vera.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

RENNESØY

: Til stor glede for næraste nabo Tor Bernhard Harestad.,

Dei gamle to gamle supplyskipa er ei pest og plaga for naboane på Bru. I fleire år dei ligge i opplag ved kaia som tikkande miljøbomber. Då Fredrik Hauge i Bellona var på synfaring på Bru i sommar sa han til Øyposten at det ikkje var usannsynleg at det kunne vera så mykje som 100 tonn diesel- og hydraulikkolje, pluss anna miljøavfall, i skipa.

Vekke før jul

I dag kunne Harestad fortelja at det eine skipet er selt til Danmark, og at det skal slepast vekk før jul.

- Eg fekk ein telefon nå nettopp med beskjed om at det skal vera ein såkalla slepekontroll 14. desember. Eg reknar med det betyr at myndigheitene skal utsteda eit sertifikat som er nødvendig for å slepa båten vekk. Det er gode nyheiter, seier Harestad.

Det er Varanger Seafood som eig «Sea Safety», og som no har blitt selt.

,-

Kva skjer med den andre båten?

- Nei, det veit eg ikkje. Situasjonen rundt «MS Sea Pilot», er meir uavklart, men det går jo an å håpa at det kan skje noko der også etter kvart.

https://www.oyposten.no/2021/10/03/harestad-vil-om-nodvendig-ga-til-retten-for-a-fa-fjerna-skipa/

Å vera nærmaste nabo til skipa har gått på helsa laus for Harestad.

- Det er heilt forferdeleg. Livskvaliteten er redusert som følgje av dårleg nattesøvn. Det to siste nettene har eg sitte meir eller mindre oppe og høyrt på kontinuerleg smell og banking som gjer det umogleg å sova. Det er spesielt ille når sør-austen står på. Men, no er det kanskje grunn til å tru at det kan bli slutt på elendigheita. Eg har gitt beskjed at eg villig til å vera med å hjelpa og legga til rette slik at båten blir klar til sleping, fortell Tor Bernhard Harestad.

Publisert: