Alf og Merethe Abrahamsen frå Stavanger har sikra seg ei finnøyfjøl. |

FINNØY:

Men ikkje berre dei. I etterkant har bestillingane rent inn. Både lokale og folk frå andre kantar av landet har bestilt finnøyfjøla.,

- Eg hadde ikkje sett føre meg at det skulle bli slik rift om fjølene. I heile dag har eg forsøkt å starta laga nye, men det er travelt no med barnehageklassar som er på besøk på løekinoen. Men i kveld, forhåpentligvis, skal eg få tid, fortel Linndal.

- Er mange allereie vekkbestilte?

- Ein del ja, men eg skal prøva å laga så pass mange at det blir til sal på låven også. Det er jo sjølvsagt kjekt at dei blei så populære. Eg trur mange sett pris på handlaga produkt av lokale «råvarer». Eika veks på Nesagjerdet, så det blir ikkje betre enn det.

Finnøyfjøla kan brukast som skjerefjøl eller som serveringsfjøl.