Nyferja "Hidle" klappa endeleg til kai på Judaberg
I morgongryet la Norled si nyaste ferje MF «Hidle» ned lemmen for første gong på Judaberg, fredag morgon.
FINNØY:
Ferja forlet verftet Westcon i Ølen torsdag ettermiddag med kurs mot Ryfylke. I dag tidleg ankom ho Judaberg, men skal ikkje inn i rute før ho har fått prøvekøyrt dei seks fedrjekaiane ho skal anløpa. "Hidle" kom til Stavanger for eit par månader sidan, og gjekk då rett til verftet i Ølen for "modifisering".,
-Viss alt går greitt reknar me med at ferja skal setjast inn i trafikk i løpet av helga eller tidleg neste veke, seier informasjonsansvarleg i Norled, Cathrine Gjertsen til Øyposten.
https://www.oyposten.no/2021/09/11/bli-med-ombord-i-den-nye-ferja-mf-hidle/
Ferja er 10 meter lenger enn «Foldøy», og har plass til 12 fleire bilar. For trafikkantar frå øyane som skal reisa med den nye ferja er kanskje det den viktigaste opplysinga. Søsterskipet «Ombo», som fortsatt ligg i Tyrkia, har same kapasitet. Det er venta at "Ombo" forlet verftet med kurs for Stavanger ein av dei første dagane. Når ho kjem til Stavanger er det likevelø vêrgudane" i Biscaya og Nordsjøen som avgjer.