Katten ville også sjå nissen i løa

Pusekatten smyg seg mellom beina, klatrar opp på ein bjelke og lurer fælt på kva som står på. For i senga på løa på småbruket «Myrå» låg nissen og snorka, høglydt, mens barnehagen på Sjernarøy er på besøk. 

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

SJERNARØY: Den eldgamle, raudmåla løa hadde i si tid plass til to kyr i trebåasen i fjøset. Nå er det nissen som rår grunnen åleine, i alle fall i førjulstida.,

Barnehagen på Sjernarøy har hatt det som tradisjon å vekka nissen, som snorkar så det durar i løa. Reidar Martin Steigen er ny eigar av det vesle tunet, og vil føra tradisjonen vidare.

 Barna i barnehagen har klart å vekka nissen i løa.

Måndag denne veka vandra barna og dei tilsette frå barnehagen på Aubø i flokk og fylgje til løa på Kyrkjøy. Der låg nissen og snorka, som vanleg, heilt til han blei vekt av «På låven sitter nissen».

,Litt støl og stiv var han, og eit snev av nordnorsk snakka han, mens han lurte på om det var snø til reinsdyra, eller om nokon hadde ein ATV til låns. Pusekatten hadde dilta etter borna frå nabolaget, og nå sat han og kikka litt forvirra på opptrinnet. For ned igjen kom han ikkje, før husbonden forbarma seg over han.

,Jens Andre Ytrenes Nesheim får helsa på Nissen

. Foto: Rune Nedrebø

 Ludvig kikkar fram frå låvedøra.

Den nåverande eigaren av løa er frå Aukrust-bygda Alvdal, og for selskaps skuld hadde han både Solan Gundersen og Ludvig med seg. Dermed blei det ein skikkeleg leiteaksjon etter Ludvig, mens den evige optimisten Solan Gundersen, kjent for å ha ikkje særleg høg moral, hadde stukke seg godt unna.

Steigen, som er leiar i venneforeninga til Aukrust-tunet, kan elles røpa at både Ludvig og Solan Gundersen, skulle vidare frå Sjernarøy til sjølvaste Kongen i Oslo, for å gi han ei julegåve.

Det er ein viktig tradisjon, og i fjor var det adjutanten som tok mot gåva. Men kanskje blir det Kongen sjølv i år. Glad blir han nok, uansett.

 Jørgen Steingen Nedrebø (t.v.) Lukas Landsnes Tandrevoll, Vanessa Lode, og Emilie Landsnes Tandrevoll fylgjer spent med på kva nissen føretek seg. Irene Norheim frå barnehagen er god å ha i nærleiken.
Publisert: