Frode Steine og Sokn Camping auka omsetninga i fjor.

Rennesøy-bedrifta er i ferd med å sleppa opp for stein i dagens brudd, og har derfor planar om å etablera eit nytt på Dalaker. Området er på 40 mål, kor det har vore eit mindre steinbrot før.,

Kommunedelsutvalet er positive til planane, men på møtet i går blei det understreka at trafikksituasjonen i krysset Austbøveien-Østhusvikveien må vurderast. Kommunedelsutvalet er også postitive til utviding av campingplassen på Sokn. Her er det planar om 10 nye luksus campingvogner og eit par og tjue nye båtplassar. Med i planane høyrer også ein turveg langs sjøen.

Bare Tor Nestande (sv) var skeptisk på grunn av jordbruksjorda som vil gå med, medan Jostein Eiane (krf) og Linda Nilsen Ask (h) gjekk frå som ugilde.