Av Rune Nedrebø,
FINNØY: Etter at rutetidene blei endra 4. april, har det ført til problemer både for folk som jobbar på Hjelmeland-sida og bur på øyane, og hyttefolk frå øyane med hytter i Suldal, Sauda og Røldal.
Nå åpnar Statens vegvesen for at det er mulighet for justering av rutene i enkelte avgangar.
-Ferga er til for brukarane, og me ynskjer sjølvsagt at dei fungerer best mulig for brukarane, seier Kristin Botnmark Sortland, kontraktsansvarleg i Statens vegvesen til Øyposten.
Ifølge Sortland blei forslaget til nye ruter sendt på høyring til kommunedelsutvalet i Finnøy.
-Me fekk då forståelsen av at utvalet stilte seg bak endringane, seier ho.
Ho legg likevel til at vegvesenet er villig til å sjå på ruteopplegget på nytt, dersom kommunedelsutvalet kjem med forslag til endringar som gjer at dei to sambanda korresponderer betre.
-Men det er vanskeleg å få til optimal korrespondanse, sidan det er to forskjellige ferjesamband, legg Sortland til.