To gode veninner prøva ut vippa i den vesle leikeparken på Utsyn onsdag, under mamma Marinas trygge oppsyn.||Folk var raske med å gi klær og andrfe nødvendige ting, då det blei klart at flyktningane var på veg til Finnøy. Nonna er overvelda og takksam over mottakinga dei har fått på Finnøy.||||||||

FINNØY: -God mat, god seng, me er så takknemlige for det me har fått her, seier ei ei av ukrainske kvinnene til Øyposten.,

Dei ukrainske flyktningane kom til Finnøy og misjonssenteret Utsyn seint tysdag kveld. Dei blei møtt med mat, fekk kvar sitt rom og omsider ei seng å sove i. Det einaste dei sakna var internett på rommet, for det er dei heil avhengig av for å kunna halda kontakten med sine kjære heime i Ukraina.

Folk var raske med å gi klær og andrfe nødvendige ting, då det blei klart at flyktningane var på veg til Finnøy. Nonna er overvelda og takksam over mottakinga dei har fått på Finnøy. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Mange av oss er veldig slitne etter å ha vore tre dagar på reis, seier 38 år gamle Nonna. Engelsklæraren frå Ukraina har alt teksta tilbake til broren i heimlandet, som måtte vera igjen der.

Stor usikkerhet

Ifølge Nonna er mange i reisefølget i same situasjonen. Dei har måtta skiljast frå mennene sine,  som ikkje får reisa. Alle menn over 18 år har forbod mot å reisa ut, og må vera igjen for å forsvara landet.

-Det er mange som er svært bekymra for korleis det går.  Me veit ikkje kor me skal bu, eller kva me skal gjera. Eg kan engelsk, men mange av oss kan ikkje anna enn ukrainsk, og for ikkje å snakka om norsk, som verkar til å vera eit veldig vanskeleg språk for oss å læra, seier ho, og lurer på kva folk på øya tenkjer om reisefølget som kom i går.

Frå botnen av hjarta

-Du må i alle fall få med at me er dykk evig takknemlig for måten me er blitt tatt i mot. Me takkar dykk frå botnen av hjarta våre, de har redda liva våre, seier Nodda, som slit med å forhalda seg til det som har skjedd.

-Det er så hjarteskjerande. Eg såg ei mor som måtte skiljast frå sonen sin på bare 19 år på jernbanestasjonen i Lviv.  Ho hadde reist den lange vegen frå aust i landet.

Eg kan ikkje la barnet mitt bli igjen for å gå i krigen, sa den fortvila kvinna. Kva ho gjorde til slutt, veit eg ikkje. Det heile er så uverkeleg. For nokre veker sidan levde eg eit vanleg liv i Kyiv, nå er alt snudd på hovudet. Eg mista alt nærast over natta, og nå er bare ein flyktning. Eg skjønar ikkje korleis dette kunne skje, seier Nonna ettertenksomt.

Kjem frå heile Ukraina

Flyktningane frå Ukraina som kom til Finnøy i går, er frå alle delar av landet, men fleire av dei er frå Kyiv-området. Det var ein mann i reisefølget, resten var kvinner og barn.  Dei traff kvarandre for første gang då dei gjekk på bussen til Invars Reiser i Krakow i Polen.

Utsyn blei kontakta av Ingvar og Silje Landa, med spørsmål om det var plass til dei flyktningane dei hadde med seg frå Oslo.  Heldigvis hadde Utsyn ledig plass. Då det blei klart at bussen kom til Finnøy, la misjonssenteret ut lister over det som flyktningane kunne trengja.  I spisesalen i dag var det både klær og andre nødvendighetsartiklar, gitt av folk.

Ber folk sjekka Facebook-sida

Utsyn ber folk sjekka Facebook-sida deira om kva flyktningane treng vidare framover.

Til helga er det booka inn ein 80-års dag på Utsyn, men vertskapet trur det skal gå å handtera både flyktningar og gjester.

-Me får kanskje i stand ein tur for ukrainarane, og kanskje nokon vil ha barna med og spela fotball, seier styrar Sissel Maria Bjerga.