Bjørg Vestbø er ei dame med godt humør, som trekkjer i mange trådar i Rennesøy.

RENNESØY: Då ho blei tilsett av kommunestyret i Rennesøy i 2006, var  trivselsturar til Syden og TV-aksjonen dei einaste arbeidsoppgåvene ho fekk. Resten måtte ho finna på sjølv.,

I utgangspunktet høyres det ut som ein drøymejobb. Og både trivselsturar for eldre og TV-aksjon er det blitt mange av. Men jobben balla snart på seg, for jobben som leiar for Rennesøy frivilligsentral er å hjelpa og leggja forholda til rette for alt frivillig arbeid i kommunedelen.

Vestbø på Nordbø i Sørbøveien

Bjørg Vestbø er kjent for sitt gode humør, ståpå-vilje og sin trillande latter. Opprinneleg er ho frå Halsnøy i Sunnhordland, men gifta seg med Leiv Jarl Vestbø og flytta til Rennesøy for 41 år sidan.

-Familien til mannen min var dei einaste Vestbø på øya. Dei bur i Sørbøveien på Nordbø, på garden Vestbø, presiserer Bjørg Vestbø med eit smil.

Ho set punktum for jobben med å ta hand om «frivillighetens år» i 2022, som er eit passande punktum for den aktive dama. Nå gledar ho seg til å bli pensjonist, og skal nyta livet som fri kvinne mens ho fortsatt er frisk og sprek.

-Eg har heller ikkje tenkt å bli ein sjuande far i huset i frivilligsentralen, understrekar ho.

På kvar si tue

Før ho begynte i jobben var ho hjelpepleiar på sjukleheimen i Rennesøy, men har også vore aktiv politikar både i kommunestyre og formannskap for Høyre.

Bjørg Vestbø stikk ikkje under ein stol at det ikkje bare har vore enkelt å vera politikar i Rennesøy.

-Er det sterke band til dei enkelte bygdene her, lurer me på.

-Ja, det kan eg bekrefta, seier ho med ettertrykk.

På Rennesøy feirer til dømes Vikevåg, Østhusvik og Sørbø både jul og 17. mai kvar for seg.

Nå er det blitt felles tog for Rennesøy på 17. mai, men deretter er det feiring på tre plassar som før. Når julegrana skal tennast har også vore eit diskusjonstema, men i fjor bøyde Vikevåg av og hadde julegrantenning laurdagen før første søndag i advent, opplyser ho.

-Dermed blei det eit samlingspunkt for heile øya med tenning av julegrana, opning av pepparkakehus-utstilling og gratis Flåklypa-film i Kulturhuset Meieriet, seier Bjørg Vestbø.

Er meir samla

-Dei ulike bygdene i Rennesøy har like vel kome nærare kvarandre i løpet av dei åra eg har budd her, legg ho til.

Som tilsette i kommunen fekk ho også vera med på samanslåinga med Stavanger og Finnøy.

Me måtte passa på at det blei med folk som hadde «hjarta på rette staden», og ville kjempa for at det me hadde i Rennesøy blei med vidare i den nye kommunen. Heldigvis er det fortsatt folk som vågar å seia frå her ute, når det går feil veg, seier ho.

Men, uansett konkurranse mellom bygder og at Rennesøy nå er blitt ein del av storkommunen Stavanger, synes ho Rennesøy er ein fantastisk plass å bu.

Nyleg heldt ho eit foredrag for andre tilsette i frivillig-sentralane. Då ho var ferdig var responsen at «nå flyttar me til Rennesøy, heile gjengen».