4 rennesøyskuter med på veterantreff i byen

Veteranskuter frå Rennesøy var godt representert under «Fartøyvernets dag» i Stavanger i helga.

Erling Bergsagel og Trond Kjetil Øvstebø (t.v.) gjer klar ei flagsmykka «Margit» i havna i Stavanger.
  • Rune Nedrebø
Publisert: Publisert:

STAVANGER: Både skøytene «Peder W», «Hulda» og «Margit» pluss redningsskøyta «Olav Ringdal jr.», alle frå Rennesøy, var på plass under treffet laurdag.

Arrangementet baud på båtkortesje i regi av Stavanger veteranbåthavn, som møtte Norges eldste fiskekutter «Fremad II» i Byfjorden. «Fremad II» er nyrestaurert, og blei fortøyd i heimehavna på Jørpeland under stor festivitas i helga.

Etter at skjøyta var helsa velkommen i innsiglinga til Stavanger, gjekk skutene inn til Steinkarkaien ved Oljemuseet, kor publikum var velkomne ombord for å sjå seg om og kjenna på lukta av olje og tjøre.

Dessutan var det gratis småturar i havnebassenget med «Riskafjord» og «Hundvåg 1» i finvêret. Det var også aktivitetar for barn, og framvising av Kongesjaluppen.

«Margit» på plass ved Steinkarkaien i Stavanger.
  1. Stavanger