Hurtigbåtar på Judaberg.

STAVANGER: Frp fekk ikkje fleirtal for sitt forslag om å sjå på ruteopplegget på nytt, slik at folk kjem seg på jobb og skule.,

Men fleire i debatten drog fram "den stille protesten" som medlemmene av fylkestinget blei møtt med ved møtestart. Håkon Eide delte på vegne av pendlarar og skuleelvar på øyane ut eit skriv kor problema for nettopp pendlarane og skuleelvane som reiser til Tau blei påpeika.

Ole Ueland (h), leiar i samferdselsutvalet, kunne likevel ikkje imøtekoma ynskje i skrivet om ei justering av rutene.

-Dette har me tatt opp med Kolumbus, men sidan det skal bli ein hurtigbåt mindre er svaret derifrå at det ikkje er mulig. Det er likevel grunn til å håpa på at operatørane kjem med eit noko betre tilbud enn den minimumsløysinga som er vald. Det har me sett før, sa Ueland. Han la også til at han hadde vore i dialog med rektor på Strand vidaregåande, som hadde meldt tilbake at det er mulig for skulen å tilpassa seg dei nye rutene.

Fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg.

Fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg understreka at det er øyar utan fastlandsforbindelse som skal prioriterast.

-Difor håpar eg det blir mulig å gå ein ekstra runde om tilbudet der i innspurten, sa Bergsvåg, som også peika på at det har tatt lenger tid enn tenkt å få på plass ei bussløysing som utnyttar tunnelane i området.

Til dette replisserte SVs Heidi Bjerga at det for hennar parti ikkje er eit mål å laga reisevegen endå lengere for dei som har lenmgst reiseveg frå før, ved at hurtigbåten stoppar på Judaberg, og det derifrå blir buss til byen.

-Hurtigbåten er stamvegen for Ryfylke, slo Bjerga fast.