Mímir Kristjánsson blir årets 17.mai-talar på Finnøy.. Her saman med dottera Alva Mimirsdottir under 17. mai-feiringa på Sjernarøy i fjor.|Årets 17.mai-komite på Finnøy. Frå venstre Angunn Skeiseid, Monica Puntervold, Anja Helen Steinsland, Oddny Hidle og Charles Nærland Olsen. Erik Flesjå-Johansen er også med i komiteen, men var ikkje til stades då blitet blei teke.

Av Rune Nedrebø,

FINNØY

: -Mimir er ein engasjert, reflektert og samfunnsbevisst person. Me håpar han kan gi oss nokre nye perspektiv på dagen og feiringa, seier Angunn Skeiseid i 17. mai-komiteen på Finnøy til Øyposten.,

-Tru du at nokon kan reagera på at ein Rødt-politikar skal halda 17. mai-talen?

-Nei, det håpar eg då verkeleg ikkje. Eg trur folk kjem med eit åpent sinn for å høyra kva han har å seia. Me gledar oss til å høyra han, seier Skeiseid.

Mímir Kristjánsson har ei lang merittliste å visa til. Han har opphavleg bakgrunn i AUF, men gjekk seinare over til Rødt kor han var leiar av Rød Ungdom. I dag er han ein av åtte representantar for partiet på Stortinget, og blei også innvald i kommunestyret i Stavanger. Han har skrive fleire bøker, mellom anna boka «Kva ville Gerharden gjort» og biografien om Jon Michelet.

Årets 17.mai-komite på Finnøy. Frå venstre Angunn Skeiseid, Monica Puntervold, Anja Helen Steinsland, Oddny Hidle og Charles Nærland Olsen. Erik Flesjå-Johansen er også med i komiteen, men var ikkje til stades då biletet blei teke. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Årets 17. mai på Finnøy blir elles av det «klassiske» slaget med tog frå Fleirbrukhallen, via sjukheimen og tilbake til «hallen», kor feiringa held fram. Toget har avgang klokka 12.30, men folk blir oppfordra om å koma i god tid.

Barn i barnehage og skule har blitt oppfordra om å teikna ukrainske flagg, som dei kan ta med i toget  som ei støttemarkering til det som skjer i det krigsherja landet. Ukrainske elevar på sentralskulen og forestatte er spesielt inviterte til å delta i toget på Finnøy, og til den vidare feiringa i hallen og ved skulen.

Nytt av året er elles at det nystarta musikkorpset på øya skal sørga for svingande tonar og god stemning i 17. mai-toget.

Tradisjonen trur blir det også bilkortesje rundt øya frå parkeringsplassen utfor Coop Extra. Denne er i år utsett til klokka 0900, mot rundt klokka åtte før, og det vankar premie for flottaste innslag både i kortesjen og toget.

Dessutan blir det kransnedlegging på monumentet for Asgaut Olsen Regelstad, eidsvollmannen frå Finnøy.

I Fleirbrukshallen blir det sal av lapskaus, pølser, kaker og kaffi. Dessutan blir det basar i hallen, og då er det i all hovudsak Vipps som gjeld. På banen ved skulen blir det leikar som sekkeløp, hesteskokasting, dart, lyfting av mjølkespann og båtsnekring.

Det er sjuandeklassingane på sentralskulen som saman med foreldre har ansvaret for feiringa, og dei sender ei stor takkehelsing til næringslivet på øya for fine og gode bidrag til feiringa i år.