I sesongen gir gjestehavna arbeid til ikkje mindre enn 25 personar . Utanom eigarane og ei fast tilsett, er alle ungdommar.,

-Det er kjekt å kunna tilby arbeid til ungdommen, seier Anita Torp Ørnes til Øyposten.

Ho driv gjestehavna med butikk og restaurant saman med mannen Kjetil Ørnes.

Nå håpar dei på ein god sommarsesong.

-Viss det slår til at folk blir sju veker på hytta, slik dei seier at dei vil,  kan det bli ein bra sesong, seier ho.

Båtfolk Øyposten snakka med fullrosar tilbudet i Skartveit gjestehavn.

-Ungane våre har bortimot vakse opp her. Det er ein veldig familievennlig og rolig plass. Det er også fint at innehavaren Kjetil Ørnes tek runden klokka 23 og minner folk om kva klokka er, seier ektepara Geir Voster og Hilde Dahl Frøya og Ståle Østerhus og Guro Runestad, samtlige frå Strand.

-Dette er vår andre heim, båtturen pleier som regel enda her, seier Geir Voster.

Også familien Torgersen frå Sola er begeistra for Skartveit. Dei ferierer i ein Viknes 1030, og får seg ein matbit på kaien.

-Naturen her er heilt fantastisk, seier svigerdottera i familien, svenskfødte Anna Lejonarm. Ho er oppvaksen i Midt-Sverige og ikkje van med båt og sjøliv.

-I dette været er det heilt «underbart», seier ho.