Stavanger kommune har søkt Stortinget om totalt 423 millionar kroner for å sikra sysselsettinga etter korona-pandemien. I Finnøy og Rennesøy åleine er det snakk om nybygg og oppussingsprosjekt for til saman 100 millionar kroner.,
-Eg har gitt kommunedirektøren beskjed om å finna prosjekt kor det er behov, og ikkje minst mulighet, for å koma i gang raskt når det gjeld rehabilitering og vedlikehald, seier ordførar Kari Nessa Nordtun til Øyposten.
- Difor er Finnøy og Rennesøy inne med så store beløp. Me er ein kommune nå, og gjennomngangen viser at det er fleirte bygg både i Finnøy og Rennesøy som treng eit løft, held ordføraren fram.
Ifølge Nessa Nordtun er fleire av prosjekta ikkje med i den ordinære prioriteringa av prosjekt som ligg i handlings- og økonomiplanen for kommunen fram til 2023. Det betyr at fleire av prosjekta som er med på lista, kan bli framskunda.
-Kva er muligheten for at Stortinget gir dei pengane Stavanger bed om?
-Det er vanskeleg å seia, men me meiner at regionen heilt klart er i ein spesiell situasjon fordi me også blir ramma av fallet i oljeprisen. Det er viktig at regjeringa brukar pengar slik at det monnar for bransjen.
-Når kan dette gi resultater i form av nye oppdrag for byggebransjen?
-Me håpar å få i gang ekstra rehabiliteringsarbeid alt før sommaren. Men det kjem an på når Stortinget får vedtatt løyvingane. Kommunen har alt framskunda ein del prosjekt som ligg inne i handlings- og økonomiplanen, seier Nessa Nordtun.
Lista frå kommunen inneheld rehabilitering av ei rekke skular og barnehagar i dei to kommunbedelane. Dei største enkeltbeløpa går til det nye kommunehuset i Vikevåg og rehabilitering av kaien på Austre Åmøy.