Hyttebrann i Sjernarøy.

Trass i gjentatt framstøytar står brannvognene både i Sjernarøy, på Ombo og på Fogn utan sikring av noko slag. Den største risikoen er sjølvsagt at vatnet frys, og at brannmannskapa kjem til ei ubrukande vogn når det verkeleg er bruk for henne.,

Det har skjedd ein gong, og ein gong for mykje, og det kan fort skje igjen. Det beste ville sjølvsagt vera å få vognene trygt lagra innomhus. Mot eit mindre beløp i godtgjerdsle burde det ikkje vera umulig.  Eit varmeelement for å halda frosten borte kan vel heller ikkje kosta ein formue.

Det kan umulig stå om viljen, for alle er interessert i ein best mulig branntryggleik. Den tragiske brannen i Bergen nyleg er ei fersk påminning om det. Det heile må botna i sommel og byråkratisk rot. Kvifor dette ikkje er blitt tatt fatt i tidlegare tener den gamle Finnøy kommune lite til ære.

I tillegg får me meldingar om at folk betalar for ein feiar dei aldri får. Det offentlege krev med andre ord betaling for ei vare dei ikkje leverer. Viss dette hadde vore ei privat bedrift hadde ho ganske snart blitt advokatmat. Feiing høyrer også inn under branntryggleiken, og dei to sakene samla sett gir dekning for å fastslå: brannberedskapen er under all kritikk.

Dette er difor det første det nye kommunedelsutvalet bør ta tak i å setja si ære på å rydda opp i.