Fylkesmannen gir grønt lys til deling

Etter visse justeringar hjå politikarane på siste møte i Forvaltningsstyret den 27.nov., får no Hesby Auto grønt lys frå Fylkesmannen til ei frådeling av verkstadeininga, og eit bustadhus frå det eksisterande gardstunet på Hesby i Steinnesvåg. Det gledar verkstadeigar og bonde, Andreas Hesby, som no kan overlate gards- og verkstaddrifta til dei to sønene sine.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Fylkesmannen ville ikkje godta den løysinga som eigar og politikarane i Finnøy hadde søkt om, og vidare innstilt på ved første behandling, og kom difor med sine motsegner. Også administrasjonen i Finnøy kommune gjekk imot ei slik deling. Ei frådeling der berre verkstaddelen skulle skiljast frå gardstunet. Eit tun som elles inneheld to bustadhus og ein større driftsbygning.,-Eg er veldig glad for at denne saka no endeleg har landa, og er godt tilfreds med vedtaket, seier Andreas Hesby.-Så snart det let seg praktisk gjera vil eg overlate gardsdrifta til sonen min Egil og svigerdottera, medan yngstesonen Espen og Elin er dei som skal ta over verkstaddrifta.,

-Og sjølv vel du å flytta frå Hesby ?

-Ja, det ser eg fram til, smiler 63-åringen som er i ferd med å byggja seg hus på Steinnes, like ovanfor Steinnesvåg kai.Han ynskjer på ingen måte å vera "ein sjuande far i huset" på Hesby når no den yngre generasjonen skal overta drifta.

Publisert: