Kommunedelsutvalet i Rennesøy er bekymra for framtida for Rennesøydagen.

Kommunedelsutvala i Finnøy og Rennesøy har hatt sine første møte. Skal dei to kommunedelane få tyngde i nye Stavanger kommune kan det godt vera at dei to utvala bør slåast saman til eitt.,

Finnøy med sine 3000 innbyggjarar og Rennesøyt med sine knapt 5000 vil uansett vera små kommunedelar i den nye kommunen. Madla har til dømes 19.000 innbyggjarar og Hundvåg med byøyane 12.000.

Det er Aps Sølvi Ona Gjul inne her i avisa på når det gjeld nynorskbruken i den nye kommunen. Dei to kommunedelane Finnøy og Rennesøy kan fort bli oversett.

Som Øyposten tidlegare har tatt til orde før, bør det vera eit mål å byggja ein felles identitet for dei to kommunedelane i den nye kommunen. Då vil ei samling under ein hatt vera ein god strategi. Dei to kommunedelsutvala kan begynna med ein del felles møte for leggja grunnlaget for dette.

Det er ikkje tvil om at Finnøy og Rennesøy har mykje til felles. Historisk er begge to øykommunar med alt kva det inneber. Næringslivet har også hatt mange fellestrekk. Jordbruk og gartneridrift har vore domminerande.

Nyleg kom det forslag til nye reglar for båndtvang i den nye kommunen. Det er ei perifer sak for mange, men viktig nok for dei som driv landbruk med beitedyr. Spesielt i Rennesøy med store turområder.

Det er ei typisk sak kor interessene til dei to kommunedelane kolliderer med urbane interesser i «gamle Stavanger», og kor det vil lønna seg å stå saman.

Kommunedelutvala er gitt meir myndighet enn bydelsutvala i Stavanger hadde. Kva gjennomslag dei vil få gjenstår å sjå.  Det er ikkje bare storleiken på kommunedelane som avgjer, men også kor stor tyngde politikarane har. Ei breiare rekruttering frå to kommunedelar, ville gitt fleire politikarar å velja i.

Uansett er det bare å ønska dei nye kommunedelsutvala lykke til med ein viktig jobb framover med å hevda Finnøy og Rennesøy sine interesse