Friidretten blomstra etter at sentralskulen kom. Her det suverene vinnarlaget i Sandstafetten 1972. Bak f.v. Ragnhild Bjørkvik, Jorunn Flesjå, Anne Karin Nåden og Torhild Gard. Framme: Jofrid Bjørkvik og Annbjørg Austbø. (Foto: Privat)

Av Toralf Baldersheim,

Dagen før hadde me reist frå Stord med ei skøyte i ruskevær, så då sjøen byrja roa seg og Finnøy dukka opp, følte me allerede glede over denne plassen der me skulle få fast grunn under føtene.

På kaien vart me møtte av skuleinspektør Tor Sveinsborg, og Leif Landa med lastebilen. Trivelegare velkomst kunne me ikkje fått! I april hadde Sveinsborg skrive «- og skoleborna gleder seg storleg! Velkomen skal De vera!» Og den gode kjensla av å vera velkomne vart faktisk sitjande i i dei 12 åra me vart buande der.,Positivitet og hjelpsomhet opplevde me mykje av. Då me våren -70 skulle støypa ferdig grunnmuren til nytt hus på Faa, samla vår gode venn Reidar Hadland 7-8 karar til dugnad ein laurdag. Det gjekk med liv og lyst, og ved blandemaskina stod Svein Østhus, med sveitte og sementflekkar i fjeset.

Reilstad og Steinnesvåg var langt unna

Finnøy i -68 låg i stabilt sideleie, rolegt og trygt. Det skjedde ting, bevares, slik som at kommunen hadde kjøpt på Faa for å laga bustadfelt og ha tomtar til nærinsverksemd, men jevnt over var det praktiske livet på «øya under glas» i vanleg, jevnt gjenge. Og på mange måtar i godt gjenge også, eg skjøna fort at der var mange flinke og drivande folk.

Ettersom eg var nytilflytta og budde på Judaberg, opplevde eg Reilstad og Steinesvåg merkeleg langt borte. Dei var jo eigne skulekrinsar, og hadde sitt eige organisasjonsliv, der andakt og kaffi  var faste innslag hos dei fleste.,På kommunehuset var dei få, men fekk det til å sviva. Nabo og kommunekasserar Klaus Nordbø hadde eit vidt arbeidsfelt. Kommuneingeniøren, Karl Sverre Nærland, hadde både Finnøy og Rennesøy.,Og så hadde kommunen rive i og bygd flott bustad med spesialrom for eigen dyrlege. Arnt Holand skrytte av finnøybøndene, dei var langt meir oppdaterte enn der han hadde praktisert før.

Avslag på lån til fjernsyn

Men i banken kunne eg ikkje få låna 2000 kroner for å kjøpa fjernsyn, eg hadde berre fast lønnstrekk å tilby som sikkerhet.

På det åndelege området derimot var det ikkje same samspel som i det daglege. Det var berre få år sidan Arne Aano hadde skapt ei stor vekking, og me  vart fortald om korleis enkelte hadde site på galleriet på Betel for å få underhaldning, for så neste kveld  å stå nede i salen og vitna. Alt var nok ikkje like sakleg, og me opplevde innimellom ein aggresjon mot desse som skulle vera så veldig kristelege.

Dei nyfrelste er oftast dei ivrigaste misjonærane, og slik var det  nok på Finnøy også. Men for vår del var det få gonger me opplevde det som påtrengjande. Det eg hugsar best, var då eldstedotter Torunn kom heim frå eit venninnebesøk og fortalde at faren hadde sagt til henne at «Det er synd i deg, Torunn, som ikkje har ein kristelege far.» Me vart sinte, men fort einige om at det var han det var synd på. Men det kristelege gav nok ungane helst gode opplevingar. Ein gong kom same Torunn heim frå Bethel, og oppglødd og med basargevinstar i fanget forkynte ho at «Når eg blir stor skal eg bli misjoner!»

Enkelt sagt opplevde me finnøybuen delt i tre: dei verdslege, dei kyrkjekristelege, og dei bedehuskristne.

Me verdslege, som nok alle som ein stod i statskyrkja, møttest iblant i godt lag, der det kunne vera både drikk og dans. Å kunna vera i slike vennelag medverka til at me stortrivdes. Og me var også så heldige at me hadde gode naboar, venner og bekjente frå «den andre sida». Finnøy var mangfoldig, og me kunne vera oss sjølve som del av mangfoldet.

Inn i ei ny tid

Men så blei Finnøy lyfta inn i ei ny tid! Og for meg er det tre stikkord: riksvegsambandet, den nye sentralskulen, dei nye skyssbåtane.

Ordførar Nils Ladstein Vestbø og andre hadde tydelegvis jobba godt. Å få ruta Stavanger – Judaberg – Nedstrand var stort.,Den 9-årige grunnskulen starta opp på Reilstad hausten -69. Så, i januar -70, vart den nye Finnøy sentralskule teken i bruk. Og symjehall! Og ei ny yrkesgruppe: lærarane. Var glad eg hadde fått vera «læraren» i krinsen først, det gav ei heilt anna kontaktflate.,Betydningen av sentralskulen kan neppe overvurderast. Finnøy fekk si storstove. Elevane frå Finnøy og dei andre øyane vart kjende og fekk ein plass å utfolda seg på, m.a. gjennom elevkveldane. Hobbykveldar gjorde det mogleg for lag og foreningar å ha møte som folk frå dei andre øyane også kunne møta på. (Den gongen kledde folk seg opp når dei reiste på møte!)  Sjølv var eg bibliotekar på det kombinerte skule- og folkebiblioteket, med opning etter kvart to kveldar i veka.

Øyposten kom, og batt øyane saman

For denne allbruken av sentralskulen var rektor Ivar Nedrebø ein pådrivar, og dei flotte nye skyssbåtane frå Rødne og Ingebrethsen ein føresetnad.

Ivar Nedrebø sin innsats kan eg trygt sei var imponerande. Ivrig og framoverretta – kanskje i meste laget for enkelte – ambisiøs pedagog, og veldig elevorientert. Skulen var til for elevane.

Og så gav sentralskulen idretten på Finnøy eit stort oppsving, særleg friidretten, som Trond Spanne og eg brann for. Idrettslaget si rolle var viktig, fordi dei ulike aktivitetane hadde ein samlande rolle, uavhengig av livssyn. Heldigvis var det fleire lag som fungerte slik.

,Og så kom Øyposten! For å nesten sitera Torolf Nordbø i hans nydelege vise om fjordabåtane – han batt øyane saman. Etter godt med religiøst stoff, og gjerne litt kommunal info, kom

breva

. Brev frå Bjergøy, brev frå Ombo, brev frå Reilstad … . Ein heilt ny mulighet for folk å få veta meir om andre stader i komunen. Og lesarbrev. Og idrettsstoff. Og … Og …,

GRATULERER MED DEI 50!

Bilettekst: Friidretten blomstra etter at sentralskulen kom. Her det suverene vinnarlaget i Sandstafetten 1972. Bak f.v. Ragnhild Bjørkvik, Jorunn Flesjå, Anne Karin Nåden og Torhild Gard. Framme: Jofrid Bjørkvik og Annbjørg Austbø. (Foto: Privat)