OSLO: - Eg syr ifrå tidleg morgon til seine kveld, det verkar som marknaden er umetteleg. Det var eigentleg ikkje munnbind eg hadde sett føre meg eg skulle driva med, men no får eg berre fortsetta, smiler Malin. Ho held fram: Eg lagde eit par munnbind i påsken til eige bruk, eigentleg mest berre for å testa litt, men allereie på det tidspunktet var det ein del som ville bestilla, så eg lagde nokre ekstra. Men då anbefalingane, og deretter påbod om munnbind på kollektivtrafikken i Oslo kom, auka etterspurnaden fortare enn produksjonskapasiteten.

Eksklusivt og funksjonelt

Malin er dotter til Marit K. Håvarstein Stray frå Rennesøy og niese til rennesøykunstnaren Svein Magnus Håvarstein. Ho vaks opp Randaberg, men har gode minner frå feriane heime hjå mora, sin familie på Håvarstein garden i Rennesøy.

- No er det fetterane mine som har teke over slektsgarden etter onkelen vår, deira far. Men me var ofte på Sel der onkel Svein budde og jobba. Eg tykte det det var ein eventyrleg stad med spektakulær utsikt, atelier, LP plater, blyantskisser, gips- og leirfigurar, forskjellige verktøy og ikkje minst linoleumspresse. Nokre gonger fekk eg vera med å sjå på når han jobba med skisser, trykk/linoleumspresse. Ein sjeldan gong fekk eg, og fleire av oss søskenbarn «sitta modell» då han teikna blyantskisser. Det var spennande det, ler Malin.

Men, det er på ingen måte munnbinda Malin er kjent for. I hovudstaden har ho budd i 23 år og etter kvart har ho blitt ein godt etablert handverkar, modellør og designar. Varemerke hennar er eksklusive, klassiske og funksjonelle kvalitetsplagg, uavhengig av tid og trend.

Kvalitet i alle ledd

- Gjennom materialbruk og godt tradisjonelt handverk, oppmodar eg forbrukaren til å auka fokuset på det å bygga opp ein tidlaus og ikkje minst varig garderobe. Dei som kjøper kleda mine får eit meir bevisst forhold til den tidskrevjande prosessen det faktisk er å laga plagg for hand, derav namnet Slow Fashion, som i realiteten betyr handverk, sakte tid, kvalitet og tidlausheit. Men det og like mykje ein motreaksjon til «fast fashion». Det står i sterk kontrast til det enorme forbruket me ser elles i samfunnet. Dei som vel å kjøpa klede av meg tek eit bevisst val om å investera i, og bruka dei unike klesplagga over lang tid.

- Kjøper me for mykje klede i dag?

- Me har blitt vane me at ting, spesielt klede, ikkje skal kosta. Slik kan det ikkje lenger vera, det må ei haldningsendring til. Heldigvis er dette i ferd å bli betre, men det er eit godt stykke igjen. Eg forsøker alltid å minna kundane mine på kor mykje forbrukarmakt dei faktisk har, ikkje berre når det gjeld klede, men kvar gong me dreg kortet, tek ein eit val. Fleire burde sjå på kva ein kjøper, av kven eller kor ifrå. Me har jo klart det når det gjeld kortreist mat. I mi verd burde kleda heller vore merka med dårleg, uetisk, ikkje sporbar, dårleg kvalitet, giftig og så vidare. I staden må me som forsøker å driva å driva etisk og reint, ropa høgt om dette. Etisk produserte plagg kunne til dømes heita berre klede, og det andre uetisk, barne-og slavearbeid, eller noko i den duren. Me må vera villige til å betala for kvalitet, tidlausheit og varigheit. Når eg lagar mine kolleksjonar, jobbar eg med sesongar, vinter, vår, sommar og haust, og ser på arbeidet som ein (livs)lang kolleksjon som er uavhengig av trendar og som kan brukast til ei kvar tid. Har du ein god og gjennomtenkt garderobe kan du handla klede med mange fem års perspektiv. Dei som er flinke å ta vare på plagga sine, kan ha dei i fleire generasjonar. Dermed bruker du klede og ikkje forbruker klede.

Solid utdanning

Etter vidaregåande skule på St. Olav vidaregåande skule i Stavanger, flytte Malin i 1992 til Paris for å læra seg fransk, og det gjorde ho lettast ved å jobba som au pair. Frå 1997 til 1999 gjekk ho på den norske moteskulen Esmod i Oslo, samt Esmod i Tokyo. Deretter bar det til Tromsø for å studera fransk, før ho reiste tilbake til motemetropolen og blei lærling ved Pia Myrvold sitt studio. Inni mellom alt dette har ho teke fleire universitetsfag. I 1999 etablerte ho sin eigen merkevare, Håvarstein couture. Sidan den gong har ho hausta anerkjenning både nasjonalt og internasjonalt.

- Eg legg sjela i kvalitet, og er til stades i kvar linje, søm, lomme og lukking. Min klare yrkesfilosofi er å bidra til betre handtering av garderoben slik at kvar og ein av oss får lågare forbruk. Oftast ser ein også betre ut i tilpassa kvalitetsplagg, i motsetning til klede kjøpt på impuls, avsluttar Malin Håvarstein Nilsen.