Reguleringsplanen for Finnøy Betong er nå endeleg stadfesta.

FINNØY:

Kommunestyret i Stavanger sa før jul ja til reguleringsplanen for Finnøy Betong, som mellom anna inneber at bedrifta får utvida lagerområdet. Den private Flesjåvegen blir også peika ut som den beste til å ta unna tungtrafikken frå verksemda.,

Protestane kjem både frå grunneigarar, naboar og frå veilaget langs den private Flesjåvegen, og rettar seg mellom anna mot at bedrifta skal få bruka den private vegen.

Veilaget er sterkt uenig i at Finnøy Betong har brukshevd til vegen, ettersom det er kommunal veg inn til området og bedrifta dermed ikkje har behov for å bruka Flesjåvegen. Dermed fell vilkåret for brukshevd etter lova bort, konkluderer veilaget. Veilaget meiner dessutan at bedrifta har forringa livskvaliteten i området.

Veilaget foreslår difor at kommunen kartlegg mulige støtteordningar for på flytta bedrifta, og innvender at det ikkje er pålagt å gje nokon erstatning til bønder, grunneigarar og bebuarar langs vegen. Dette meiner veilaget at kommunen bør ta seg av viss planen går gjennom.

Også ein annan av protestane rettar seg mot at Finnøy Betong skal få bruka den private Flesjåvegen. I staden bør det opparbeidast ny veg for å skåna alle dei som har bustad i området og brukar både den kommunale og den private vegen. Dette er noko kommunen må vera med og betala for, all den tid Stavaner kommune går inn for at Finnøy Betong blir verande, heiter det.

I eit anna brev til kommunen som protesterer mot planen, blir det protestert "sterkt" mot utvidinga av byggegrensa for produksjonshallen med 20 meter all den tid det blir sagt at produksjonen ikkje skal aukast.

Når kommunen tillet utvidinga, viser det at det blir lagt opp til auka produksjon og auka trafikk, ifølge dette protestbrevet.  Ved å tillata at lagerområdet kjem bare 10 meter frå nabo, vil kommunen dessutan leggja opp til ein konflikt som ikkje går over, men i framtida bare vil auka, blir det hevda.