Fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg (t.h.) på befaring på Foreneset i Suldal, ein av plassane som kunne bli hardt ramma om det blir kutt i hurtigbåtene. F.v. Øyvind Lovra Tveitane, Berit Fyljesvoll Haugsland og Laila Øxtra. Foto.privat.

Hurtigbåttilbodet i fylket,

Ap, Sp, KrF, MDG og V ønsker å rette opp i det vi oppfattar som eit alt for negativt inntrykk i hurtigbåt-saka, skapt av ei overskrift i Stavanger Aftenblad

Årsaken er som kjent den nye og svært uheldige delkostnadsnøkkelen for drift av hurtigbåt utarbeida frå Kommunal og moderniseringsdepartementet. Vi har i lang tid prøvd å få denne nøkkelen endra, men sidan eit stort fleirtal av fylkene i Norge opplever nøkkelen som positiv sak for dei, har Rogaland ikkje blitt høyrt. Vi gjer derimot ikkje opp kampen om å få endra delkostnadsnøkelen og alternativt arbeida for ein ekstraordinær kompenserande støtte til fylket sidan vi vert så hardt råka av endringa.

I kontrast til Stavanger Aftenblad si negative overskrift i saka, så vil vi vise til at diskusjonane og behandlinga av saka i fylkestinget heilt klart vitnar om ein klart mykje meir håpefull situasjon for Ryfylke.

Vi ønsker å vise til den samla viljen det er i fylkestinget om å verne hurtigbåttilbodet i Ryfylkebassenget. Eit samla fylkesting er altså einige om at det skal gjennomførast ny høyring i kommunane før fylkestinget på ny skal sjå på rutestrukturen.

Det var klar tverrpolitisk einighet om at alle parti fortsatt må holde sine partier i Storting og regjering nøye orienterte om Rogaland si forventingar og krav til hjelp knytt til den betydelege underfinansieringa av hurtigbåttilbodet i fylket vårt.

Fleirtalet i fylkestinget aksepterer at også hurtigbåttilbodet må tåle gjennomgang, for å sikre optimal, godt drøfta og framtidsretta drift.

Fylkestingsgruppene til Ap, Sp, KrF, MDG og V

For posisjonspartia

Solveig Ege Tengesdal, gruppeleiar for KrFs fylkestingsgruppe