Elin Scanche: Kvaliteten på tannlegen viktigare enn lokalitet

Elin Schanche (h) meiner kvaliteten på tannlegetilbudet må vega tyngre enn å behalda tannklinikken i Vikevåg. Ho meiner også ein ambullerande klinikk mellom Rennesøy, Finnøy og Randaberg ville vore interessant å prøva ut.

Høyre-politikar Elin Schanche. (Foto: Rune Nedrebø)|Tannklinikken i Vikevåg får leva vidare.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

STAVANGER:

Eit breitt forslag i formannskapet i Stavanger støtta torsdag forslaget frå varaordførar Dagny Sunnanå Hausken som ber fylkeskommunen oppretthalda tannklinikken i Rennesøy, og også sikrar "forutsigbarhet" for klinikken på Finnøy.,

Bare Høyre og Frp støtta kommunedirektøren sitt forslag, som går inn for å vurdera konsekvensane av ei nedlegging av tannklinikken i Vikevåg.

Under debatten slo Høyres Elin Schanche fast at i valget mellom kvalitet og lokalitet, prioriterte ho det første.

-Eg er ein veldig stor forkjempar for å ha flest mulig tilbud lagt til Vikevåg. Men me i Høyre er svært opptatt av at me må ha tillit til at Tannhelse Rogaland først og fremst må ta hensyn til kvaliteten på tilbudet.

Me veit at mange små tannklinikkar som klinikkane i Rennesøy og Finnøy har vanskar med å tiltrekkja seg tannlegar. Me er difor opptatt av å gi eit kompetent tilbud, viss det står mellom å ta vare på god kompetanse og ei lokalisering, sa Schanche under debatten.

Høyre-politikaren frå Rennesøy meinte også at det ville vore interessant og prøvd ut ein rullerande tannhelseklinikk mellom Finnøy, Rennesøy og Randaberg. Eit forslag som Tannhelse Rogaland stiller seg negativ til, ifølge Schanche, og som difor Høyre ikkje fremma.

https://www.oyposten.no/2020/11/06/tannlege-tilbudet-i-vikevag-kan-bli-nedlagt/

Frps Leif Arne Moi Nilsen meinte saka om nedlegging av tannklinikkar eigentleg var ei gladsak.

-Det viser at ungane ikkje har hol i tinnene lenger. Då eg gjekk på Kampen skule var det kø utfor kontoret til skuletannlegen, sa Nilsen, som heller ikkje kjøpte argumentet om at tannlegen måtte halda til i gåavstand.

-Ungane mine lærte tidleg å ta bussen til tannlegen, og det klarer dei fleste i dag også, sa Frp-politikaren.

Venstres Jan Erik Søndeland meinte det var viktig for Stavanger kommune å slå ring om tilbuda i dei nye kommunedelane Finnøy og >Rennesøy. Difor fremma Venstre støtta av KrF eit forslag om at kommunen skal styrka Judaberg og Vikevåg som kommunedelssenter, og at det difor vil vera heilt feil å leggja ned tannhelsetilbudet i Vikevåg når kommunen skal investera store beløp i "nye topp moderne lokaler for kommunale og offentlige formål".

-Vikjevåg og Judaberg skal utviklast med sentrale funksjonar. Det skjer på Judaberg, men det er litt tyngre å få til i Vikevåg, sa Henrik Halleland, som, syntes det var dumt at posisjonen ville venta i tre år før det blir investert  i nytt kommunebygg til 80 millionar kroner i Vikevåg.

Publisert: