Fjordbris Hotell på Østhusvik.|Dagleg leiar Kjetil Medhus i Solbris.||

RENNESØY:

For dagleg leiar på Fjordbris Hotell på Østhusvik, Kjetil Medhus, har det også vore eit utfordrande år.,

-Men me krummar nakken og har på ingen måte tenkt å gi oss, seier Medhus. Han reknar med at han må dra med seg eit eit drøyt milliontap i omsetning inn i det nye året.

Dagleg leiar Kjetil Medhus.

-Men trass i dette, har der også vor enkelte lyspunkt, understrekar han.

-Den nye «Fjordterrassen» vår har blitt tatt veldig godt imot, særleg av nye og yngre generasjonar. Det har generert  ei breiare kundegruppe enn det me hadde før. I tillegg har det tidvis vore bra belegg på overnattingar i samband med aktiviteten på «Green Mountain».Men konferansemarkedet, som er svært viktig for oss, det har tørka heilt ut, konstaterer Medhus og legg til;

-Kompensasjonsordninga fungerte godt for oss den første tida, men eg er veldig usikker på korleis det blir når me nå skal søkja kompensasjon for bortfallet av omsetning i november-desember.