Det gjekk varmt for seg etter at Sven Foldøen hadde vore på talarstolen i Hausken kyrkje i Vikevåg.

FINNØY/RENNESØY:

Frå kyrkjekontora i Finnøy og Rennesøy meldes det stort sett om god påmelding til julegudstenestene. Etter at registreringa starta sist måndag opplyser dagleg leiar i kyrkja i Finnøy Heidi Sangedal, at fyrste gudstjeneste på Talgje og Sjernarøyane allereie er fullteikna. På Halsnøy er det få plassar igjen, medan Hesby, Fogn og Jørstad framleis har ledige plassar på samtlege gudstenestar.,

- Det er ennå nokre dagar igjen til julaftan, så eg satsar på at folk ikkje har gløymt å melda seg på. Alle som har lyst å gå i kyrkja må aldri nøla sjølv om det er påmelding. I omsorg for andre tenker kanskje nokon at andre treng plassen betre? På julaften må kyrkjene vera så fulle dei kan i år. Eg veit det er fleire som har sagt dei vil heller gå til gudsteneste 1.juledag der det er mogleg, då er det heller ikkje påmelding, opplyser Sangedal.

Fristen for å melda seg på går eigentleg ikkje ut før julaftan, men leiinga i kyrkja håper at dei ynskjer å gå melder si interesse før 22.desember.

- Det har noko med planlegging og plassering av folk å gjera, det er ikkje beint fram i desse tider, smiler Heidi Sangedal.

Kollega Jørn Eric Gabrielse i Rennesøy og Mosterøy menigheter seier til Øyposten at fristen for å melda seg på til julegudsteneste går ut i dag, torsdag klokka 12.

- Så langt er det fullt på tre av gudstenestane, ein i Sørbø kyrkje og begge i Utstein kloster. Det er framleis ledige plassar i Hausken kyrkje og i Austre Åmøy kapell, men det byrjar fyllast opp også her. Gudstenesten i Hausken kyrkje vil bli kringkasta digitalt og den kan du sjå på Mosterøy og Rennesøy menigheter si facebookside klokka 1530, opplyser dagleg leiar Jørn Eric Gabrielsen.

Så mange har lov å samlast til julegudstjeneste i kyrkjene våre:

Finnøy:

-Hesby kyrkje, Halsnøy og Fogn kyrkje 50 personar

-Talgje, Jørstad og Sjernarøy kyrkje 40 personar.

Mosterøy og Rennesøy:

-Utstein Kloster og Hausken kyrkje 50 personar

-Sørbø kyrkje og Austre Åmøy kapell 40 personar.

Det blir gudsteneste på sjukeheimen på Judaberg 2.juledag.