Det er tilførselsleiar ved Nortura Forus SA, Siri Kvam Haugland, som opplyser dette til Øyposten. -Sidan koronapandemien har vart over tid , har ein del ribbe og svinekjøt som vanlegvis ville blitt fryst ned med tanke på salet inn mot jul, gått med til produksjon av både bacon og grillribbe tidlegare i år.Det er difor opna opp for import av både heil gris og ribbe ut året, forsikrar Kvam Haugland.,

Så slik sett er det ingen dramatikk i dette, sjølv om forbruket av norsk kjøt generelt og svineribbe har auka betydeleg, som ein konsekvens av koronapandemien og stengte grenser. Ho kan likevel beroliga både øybuar og andre forbrukarar med at det vil også vera tilstrekkeleg med norskprodusert pinnekjøt fram mot julehelga.

-Så om ein har tradisjon for å ha juleribbe eller pinnekjøt på middagstallerken juleaftan, så er det ingen fare for at den tradisjonen står i fare?

-

Nei på ingen måte, forsikrar tilførselsleiar Kvam Haugland,

 Import også i 2021

Svineprodusentane hadde i lengre tid før koronakrisa inntraff slite med betydeleg overproduksjon, og det vart difor gjennomført ei premiert nedslakting hjå smågrisprodusentane. Nå er denne situasjonen snudd på hovudet, og markanden etterspør altså meir norskprodusert kjøt, også svinekjøt. I følge Ole Nikolai Skuldberg, direktør i Totalmartked i Nortura, så byrja norske svinebønder alt i september å tilpassa seg denne nye situasjonen ved å la grisen bli tyngre før den blei slakta. han vil likevel ikkje tilrå at det vert byggd nye grisefjøs for å betra marknadssituasjonen.

-Det ville vera uklokt. Når det skjer slike ekstraordinære henndingar og det blir korte periodar med auka etterspurnad, vil det vera uforsvarleg å leggja opp til stor produksjonsauke. Då vil me få ein stor overproduksjon når det blir ein meir normal situasjon igjen, seier han til avisa Romerikes Blad som også har omtala denne saka.