Ordførar Kari Nessa Nordtun under nyttårsmottakinga på Ledaal for snart eit år sidan. Øyposten har sett nærare på kva Finnøy og Rennesøy har fått ut av den nye kommunen. (Foto: Rune Nedrebø)

Onsdag 1. juni  2016 ,svara 56,7 prosent av innbyggjarane i Rennesøy at dei var for ei kommunesamanslåing, medan 42,4 prosent svara nei. På spørsmål om kven Rennesøy eventuelt skulle slå seg saman med, svara 46 prosent Stavanger, medan 38,9 prosent sa ja til alternativet med ein Utstein kommune (Randaberg, Rennesøy, Kvitsøy og Finnøy).,Onsdagen etter, den 8. juni, sa 67,8 prosent av veljarane i Finnøy eit historisk JA til ei kommunesamanslåing. Heile 74,9 sa i tillegg eit rungande JA til Stavanger og Rennesøy. Berre 8,8 prosent var positiv til alternativet med Utstein Kommune,( Randaberg, Kvitsøy, Finnøy og Rennesøy).,

Dermed var den nye storkommunen, Nye Stavanger, ein realitet frå 1. januar 2020. Korleis har det så gått, og kva erfaringar har innbyggjarane i dei nye kommunedelane Rennesøy og Finnøy hausta etter snart eitt år i den nye storkommunen. Då med den mykje omtala «Intensjonsavtalen» som utgangspunkt. Me har teke utgangspunkt i ei rekke sentrale punkt i avtalen, som både på kort og litt lengre sikt vil ha ei sentral betydning for folk flest sin kvardag som innbyggjarar i Rennesøy og Finnøy:

Dette sa avtalen:

Samferdsel, by- og stadsutvikling:

1.-Kollektivtilbudet i Finnøy og Rennesøy og mot Nord Jæren

skal oppretthaldast og viderutviklast. Det gjeld både buss og båt

2.-Langsiktig mål er å arbeida for regional og statleg støtte til

prosjektet «Øyfast». Ferje- og hurtigbåtavløysingsmidlar i tillegg,til bompengefinansiering på Hansand skal nyttast.

3.-Det skal arbeidast for eit havbrukssenter på Judaberg og det skal leggjast til rette

for ei vidareutvikling av havbruksnæringa.

4.-Jordvern er eit prioritert mål, og langsiktige grense for landbruk skal

på plass.

5.-Judaberg og Vikevåg skal utviklast med sentrumsfunksjonar.

6.- Arbeida for vidareutvikling av mobil- og breiband, vegnett og,trafikktryggleik i Finnøy og Rennesøy.

Tjenester og lokalisering

:,

1.-Nærleiksprinsippet skal leggjast til grunn for

tenestetilbudet i den nye kommunen. Kort veg til barnehage, skulehelsestasjon, sjukeheim, lege og idrett-, kultur og fritidsaktivitetar.,2.-Servicekontor på Judaberg og Vikevåg, med informasjon, rådgjeving,og annan service.,3.-Dagens legevaktstilbod og interkommunalt samarbeid på området,skal vidareførast. Om nokon trekkjer seg ut, må den organisatoriske,og faglege organiseringa vurderast på nytt.,4.-Det skal byggjast eit nytt bygg på Vikevåg som også skal vera eit,kommunedelssenter  med servicefunksjonar og lokale helsetenester m.m

5.-Den nye kommunen skal byggja ut pleie- og omsorgssenter på Judaberg.

Omfang og tidspunkt skal vera i tråd med behovet i tidlegare Finnøy kommune.

Kommuneøkonomi:

1.-

Netto driftsresultat på min.2%,2.-Gjeldsgrad maks.60%,3.-Eigenfinansiering på investering på min.50%,4.-Mål om å vera ein av dei tre kommunane i landet med lågaste gebyr, avgifter, og eigenbetaling,5.-Dersom det blir eigedomsskatt i den nye kommunen, vil Finnøy og Rennesøy få fritak i område som ikkje er utbygd på bymessig vis. Områder som er utbygd på bymessig vis i Rennesøy og Finnøy,vil få lågare sonefaktor enn i sentrale delar av Stavanger.,

Dette er oppfylt så langt:

Samferdsel by- og stadsutvikling

1.Tal bussavgangar er auka i Rennesøy. Finnøy har ikkje noko busstilbod mot Stavanger. Det skuldast tidlegare politiske vedtak i Finnøy, av omsyn til dei ikkje landfaste øyane, å prioriotera eit godt hurtigbåttlbud. To nye og større ferjer blir sett inn i Finnøysambandet frå juni neste år. Ny heilelektrisk ferje er sett i bestilling og skal dagleg betjena både Fisterøyane og Brimse-Østhusvik i Rennesøy.

Toppleiinga i kommunen har vore i møte fylkeskommunen om Øyfast for å be om ei konsekvensutgreiing. Sidan saka ikkje er prioritert i gjeldane areal- og transportplan for Ryfylke, ynskjer ikkje fylkeskommunen av ressursmessige årsaker å prioritera dette arbeide nå.

Regjeringa har vedteke at det kan nyttast ferjeavløysingsmidlar til slike vegprosjket på inntil 45 år. Dagens ferjekontrak som går over 8 år har ei kostnadsramme på 767 millionar kroner. Dvs. 95 millionar kroner per år.

3.Havbruks- og landbrukskontor er etablert med base på Judaberg.

Har høg prioritet. Langsiktig grense er trekt opp. Stavanger blei kåra til den beste kommunen i Rogaland på jordvern i 2019 og fekk tildelt pris av Jordvernforeninga i Rogaland. Også Finnøy og Rennesøy er mellom dei beste med svært liten nedbygging i 2019., Arbeidet på Judaberg er godt i gang, mykje står att i Vikevåg.

Tjenester og lokalisering:

1.Er som tidlegare, og i tråd med intensjonsavtale så langt.

Er gjennomført på Judaberg. Nytt innbyggartorg er opna og teke i bruk. Betydeleg investering. Det gamle rådhuset på Vikevåg oppfyller intensjonen, men mykje står att før nybygg er ein realitet., Det er brei politisk vilje om å vidareføre dagens legevaktsordning. Kommunedirektøren ynskjer derimot å sjå på den organisatoriske innretninga på ordninga. Ny båt er sett i bestilling- truleg også utstyrt med vannkanon for rask utrykking i samband med brann.

4.I gjeldane økonomiplan, og forslag til nytt budsjett, er det berre sett av 0,5 millionar kroner til ein «mulightesstudie» av kva kommunen treng i Vikevåg.

Det er sett av 140 mill. kroner til nytt omsorgssenter i tråd med tidlegare vedtak og føringar frå Finnøy kommune. Byggestart er truleg i 2021.

Kommuneøkonomi:

1.Vil truleg ikkje nå dette i 2021.

2.Gjeld for inneverande år, men vil truleg auka på grunn av store investeringar og utsikter til sviktande skatteinntekter og reduserte rammeoverføringar. Finnøy gjekk inn i ny kommune med ein gjeldsgard på over 80%, Rennesøy med over 100 %.Omstillingsprosess har starta for å ta ned årelege driftysutgifter med. Ca. 200 millionar kroner.

Framleis ein målsetjing, men vil truleg reduserast noko., Målsetjinga står ved lag. Finnøy og Rennesøy har fått redusert sine samla gebyr. Jamfør tidlegare oppsett i Øyposten. Vann og renovasjon, Barnehage, SFO, musikk- og kulturskule.

5.Ikkje oppfylt for Rennesøy. Ei differensiering i forhold til fritak på områder som «ikkje er bygd ut på bymessig vis» vil ikkje bli gjennomført med grunngjeving i juridiske utfordringar. Blir ei såkalla harmonisering, der innbyggjarane i Finnøy får ein betydeleg reduksjon, medan alle i Rennesøy truleg må betala eigedomsskatt etter felles retningslinjer.