Askild Eggebø er positiv til den nye ministeren.

FINNØY: -Det har vore spennande år, mykje har skjedd med Tine i den tida eg var så heldig å få vera med i leiinga, seier Eggebø til Øyposten.,

Finnøy-bonden har eit langt engasjement i meierisamvirket bak seg, og dei ti siste åra har han site i konsernstyret. I den perioden har Tine gått frå å bestå av fem regionale selskap til å bli samla under ein hatt i eit konsern. Omsetninga er dobla til 24 milliardar, men samtidig har også halvparten av meierianlegga blitt lagt ned.

Det har vore ei omstilling som har vore heilt nødvendig, for at Tine skal kunna hevda seg å vera konkurransedyktig, meiner Eggebø.

-Me har klart dette utan å måtta gi opp distriktsprofilen. Tine har anlegg i dag frå Tana i Finnmark i nord til Kristiansand i Agder i sør, påpeikar han.

Askild Eggebø driv gard på Finnøy med ein mjølkekvote på 150.000 liter pluss 200 vinterfora sauer. Frå årsskiftet ga han frå seg garden til sonen Magne.

-Det er ikkje arbeidet som er mest krevande på ein gard, det er ansvaret og styringa. Den slepp eg nå, nå blir eg tilsett på garden hos sonen min, og gledar meg til det, seier Eggebø, som denne våren har tatt sin tørn med lemminga i sauhuset.

-Korleis er det å ikkje lenger vera aktivt engasjert, etter så mange år?

-Eg kjem til å sakna alle dei kjekke folka eg har fått møta, men dte er ei tid for alt, og korona'en la også ein sterk dempar på den sosiale biten ved å vera med i Tine. Årsmøtet nå var til dømes på nettet, seier Eggebø, som også er glad for å ha fått reist og sett korleis bøndene har det frå sør til nord i landet.

- Eg er optimist på landbruket sine vegne, men det vil fortsatt vera behov for omstilling. Då eg engasjerte meg i Tine var det 81 mjølkebønder på Finnøy, i dag er det 25. Det seier litt om utviklinga. Dette er ei utvikling som i hovedsak skuldast ny teknologi som gjer at landbruket kan drivast mykje meir effektivt. Om det er bra? Det spørs koss du ser på det, ville me gått tilbake til 70-talet med 15 kyr og 70 sauer, eg trur dei fleste vil svara nei til det. Det har aldri vore så tungt å slå med ljå som etter at naboen fekk slåmaskin, siterer Eggebø ein nabo, Arve Vignes.

Han er likevel uroleg for at  investeringslysten har vore litt for liten på øyane utanom Finnøy, og fryktar at dei kan bli akterutseilt når det gjeld mjølkeproduksjonen.

-Det er ein tankekross, for det har vore eit svært aktivt og godt miljø av mjølkebønder, til dømes i Sjernarøyane, seier han.

Eggebø ser også problem med at mjølkeproduksjonen blir lagt ned og kvotane blir utleigde, sjølv om han innser at dette også er ei sak med fleire sider.

-Det er ei oppskrift på å gjera bøndene til leiglendingar. 40 prosent av jorda er i dag leigejord. Det er heller ikkje bra viss du kan få meir betalt av å gå å henta sjekken i postkassen enn å driva garden sjølv. Det driv opp kostnadane i landbruket, og er heller ingen god reklame utad. Men mange gløymer likevel at bakgrunnen for ordninga med utleige av kvotar var nødvendig for å få til ei effektivisering av landbruket.

-Er det for mange i sentralt i bondeorganisasjonane som har fordeler av dagens system som er forklaringa på at det ikkje er blitt endra?

-Det kan vera ei forklaring, men det er ein sterk diskusjon nå om ei eller anna form for avgrensing. Men det står att å sjå kva det endar med. Dette er dessutan ei ordning som mange har tilpassa seg, og investert ut frå,  seier Askild Eggebø