MF "Sjernarøy" på veg inn til Judaberg-kaien torsdag.

FINNØY:

Nokre stussa kanskje over å sjå "Sjernarøy" igjen i bassenget mellom øyane. Det skuldast at ferja nå er ferdig som reserverferje nord på Vestlandet, og dermed kunne avløysa "Fedjefjord" i sambandet her.,

Nå opplyser Norled at både "Sjernarøy" og "Foldøy" kjem tilbake ein gong i helga, og skal trafikkera sambandet inntil vidare. "Foldøy" har vore til årleg sjekk på Rubbestadneset.

Den nye ferja "Hidle" ligg også der, med ein truster ute av drift. Trusteren er for tida i Oslo til reparasjon, men meininga er at "Hidle" skal inn i sambandet i gjen om eit par veker. Då blir "Sjernarøy" lagt i opplag.

Ferja "Ombo" er i Ølen til oppgradering, men i løpet av mars er det venta av begge dei nye ferjene er i drift i Finnøysambandet.