Bukostnadene i Stavanger kan vera oppi 135.971 kroner i 2024, ifølge prognosene. Det er ein oppgang på 34,8 prosent sammenlikna med 2020.

Noko av grunnen er rentekostnadane og energikostnadane. Det er det som kjem til å auke mest, med henhaldsvis 55 og 46 prosent, ifølge forbundet. Energikostnadane vil bli så mykje som 83 prosent høgare i 2021, sammenlikna med 2020, ifølge prognosar.,

­­­– Viss staten og kommunane fortsett å setta opp avgifter i same fart som til nå, samstundes som den venta auken i dei marknadsbestemte bukostnadene auker, må hushaldningane forbereda seg på at det blir dyrare å bu framover. Dette er ei uheldig utvikling.

Det seier Knut Magnus Haavik, distriktsleiar for Huseierne i Rogaland nord, i ei pressemelding frå Huseierenes landsforbund.

Ny klimakvardag

Oppgangen i 2021 kjem av ei kraftig auke i kraftprisane. Det er venta at dei samla energikostnadane vil vera på sitt høgaste nivå, sidan Bokostnadsindeksen blei laga av Samfunnsøkonomisk Analyse i 2010.

– Me er opptatt av å peika på dei største utfordringane framover. Det er ikkje nødvendigvis inngangsbilletten i bustadsmarknaden, men kostnaden ved å bu i ein eigen heim som kjem til å auke som resultat av at me må tilpassa boligane våre til ei anna klimakvardag, seier Haavik.

Vikevåg i Rennesøy kommunedel.

Sør-Rogaland toppar lista

Det er store forskjellar på kor mykje det kostar å eiga og bu i eigen bustad her til lands.

I Rogaland har Stavanger kommune dei høgaste bukostnadene for ein einebustad på 120 kvadratmeter, med eit snitt på 107.830 kroner i 2021. Det viser prognosane. Det er ei auke på 6,9 prosent frå 2020.

Etter Stavanger, er henhaldvis desse på toppen av lista (frå andre til sjette plass): Strand, Randaberg, Time, Klepp og Sandnes.

Det er ein forskjell på heile 20.080 kroner mellom den dyraste og den billigaste kommunen i Rogaland. For øvrig er det Utsira kommune som har dei lågaste bukostnadene i 2021 i fylket, for ein einebustad på 120 kvadratmeter med 87.750 kroner.