Klar, ferdig, GÅ

Sjølv om været var skiftande med til dels svært kraftige byger var det likevel over 50 personar som gjekk den tradisjonsrike fognamarsjen, sundag ettermiddag. Nokon for fyrste gong, andre for 33.gong.

Jakob Bø, Anders Sandanger og Anne Gro Sandanger i fin stil inn mot målområdet.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FOGN:

Trass i dårlege vermeldingar var det vel 50 personar som starta i årets marsj.,

- I fjor var det «berre» 42, men talet plar ligga på rundt 60, så dette er slett ikkje så verst, opplyser turmarsjgeneral Ottar Sandanger.

Løypa som er ei snau mil startar frå skulen og går rundt øya langs hovudvegen, og passar for deltakarar i alle aldrar. Det er ikkje krav til tid, alle går i sitt eige tempo.

Over 500  personar har gått turen ein eller fleire gonger. Av desse har over 200 gått marsjen minst éin gong. I alt er det registrert over 2000 gjennomførte deltakingar. Kvar deltakar har i snitt gått marsjen rundt fire gonger.

Fredeleg kappestrid

- Me er gode kompissar men i dag er me «rivalar», smiler Anders Sandanger og ser på utfordrar Jakob Bø. Dei to er dei einaste som har gått marsjen kvart einaste år sidan oppstarten i I 2018 fekk dei ostehøvelen som er den gjevaste premien det går an å få.

- Det har jo blitt slik no at ingen av oss kan la vera å stilla. Eg veit ikkje kor dårelg er måtte vore om eg ikkje skulle deltá, fortel Anders.

- Nei, det er ingen veg tilbake, no er det berre å halda ut så lenge det går, smiler Jakob.

På ein knallsterk andreplass ligg Heidi Bø Sangedal, syster til Jakob, som fullførte fognamarsjen for 32. gong i dag.

Det er idrettslaget som arrangerer  turmarsjen kvar år i august.

Premiering:

gong: Bronse-medalje, gong: Sølv-medalje, gong: Gull-medalje, gong: Elite-staup, gong: Endå eit staup, gong: Kakespade

Publisert: