Varaordfører Dagny Sunnanå Hausken.

RENNESØY:

-Me har forsøkt å leggja ein ny strategi for næringhagen, me ser at me må få eit større nedslagsfelt enn Finnøy og Rennesøy for å sikra økonomien i selskapet. Det er noko av bakgrunnen for navneskiftet. Dessutan skal næringshagen profilera seg sterkare på nett, seier Sunnanå Hausken til Øyposten.,

-Så navnet er ok, tykkjer du?

-Ja, me må prøva noko nytt, sjølv om eg tykkjer at også Ryfylke Næringshage er eit godt navn, seier ho.

Selskapet skal ha generalforsamling neste veke, kor navneskifte og nye vedtekter står på tapetet. I tillegg til nytt navn er det også forslag om å endra virkeområdet frå Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy til "distriktene i Sør-Rogaland".

-Kan det blir mindre fokus må næringsutvikling i øyane når næringshagen vil dekka eit større område?

-Eg håpar ikkje det, men me veit jo aldri. Hovedkontoret skal fortsatt vera på Finnøy, og næringshagen vil vera avhengig av eit nært samarbeid med kommunen. Men eg ser også den faren, seier Dagny Sunnanå Hausken, som også er styremedlem i Ryfylke Næringshage.

Teal er det engelske ordet for den blågrøne fargen, og skal signalisera at næringshagen skal jobba med havbruk og landbruk som sine hovedområder.

Ottar Sandanger (ap) er kritisk til navneskiftet.

Navneskiftet går ikkje heim hos Ap-politikar Ottar Sandanger frå Fogn.

-Det navnet seier meg i utgangspunktet ingen ting. Ryfylke Næringshage er eit godt og innarbeidd navn, men viss dei plent må skifta burde dei kunne funne eit norskklingande navn med forankring i distriktet. Men me venner oss vel til dette og med tida, seier Ottar Sandanger.

Henrik Halleland sit også i styret i Næringshagen og tykkjer TEAL er eit godt navn.

-Blågrøne næringar blir sentralt for næringshagen sitt arbeid, difor TEAL som er det engelske ordet for den blågrøne fargen. Det trur eg vil fungera bra også i internasjonal samanheng, til dømes med søknader til EU, meiner Halleland.

Han er heller ikkje uroleg for at øyane vil missa fokus i den nye strategien, når det blir nedfelt i vedtektene at nedslagsfeltet blir utvida frå øyane til distrikta i sørfylket.

-Det er ikkje noko nytt, næringshagen har alt vore til stades i Bjerkreim, til dømes. Det viktige er at hovedkontoret skal vera på Judaberg, seier Henrik Halleland.