Frode Småmo (t.h) og Hans Martin Stølen er to av 19 lærarar som har blitt teke ut i streik på Rennesøy skule.

STAVANGER:

Det seier skulesjefen i kommunen, Jørn Pedersen, til Øyposten måndag.,

Blir det ikkje ei løysing vert streiken trappa ytterlegare opp ifrå onsdag 2. juni.

I fylgje skulesjefen er talet på lærar som blir teke ut i streik ifrå onsdag fylgjande.

Finnøy Sentralskule 28

Fogn oppvekstsenter 4

Ombo oppvekstsenter 3

Sjernarøyane oppvekstsenter 2

Vikevåg skule 23

Rennesøy skule 19

Mosterøy skule 23

Tala er med atterhald om endring.

Til saman på alle skulane i Stavanger vil det vera rundt 1500 lærar i streik onsdag.

- Kor alvorleg er situasjonen for elvane?

-Tilbodet på skulane blir sjølvsagt sterkt redusert. Dersom situasjonen blir langvarig kan det bli utfordrande spesielt med tanke på standpunktkarakterane til 10. klassingane. Streiken kom på slutten av eit allereie spesielt år, og eg hadde håpa at elevane kunne fått ein god avslutting på eit krevjande år.

- Kva med SFO?

- Dei aller fleste av deil tilsette i SFO er ikkje med i utdanningsforbundet difor er den daglege drifta tilnærma normal. Eg veit at enkelte skular har flytta tida på morgonen til ettermiddagen for å få meir samanhengande tid, seier Pedersen som oppmodar alle foreldre til å fylgja med på skulane sine nettsider for oppdatert informasjon.