Full pott til både Finnøy og Mastra i serieopninga
Både Finnøy og Mastra har fått ein knallgod start på fotballsesongen, etter at begge laga sikra seg tre poeng i serieåpninga i sin avdeling i 5.divisjon
- Jon Asgaut Flesjå
Lørdag ettermiddag fekk Mastra gleda av å testa ut den flunkande nye kunstgressbanen på Kvitsøy som var klar like før sommarferien.Men gjestene frå naboøyane Mosterøy og Rennesøy var likevel på ingen måte i det gavmilde hjørne, og sikra seg ein full fortjent 3-0 siger.Dermed tok Mastra med seg alle tre poenga og har innteke tabelltoppen saman med dei to andre ryfylkelaga Midtbygdene frå Tau og Finnøy.,
Halsnøybuar sikra finnøysiger
På Leikvoll måndag kveld, låg heimelaget under 0-1 ved halvtid , etter at Brodd 2 scora på straffe.
Men ein sterk 2.omgang og ein imponerande sluttspurt av heimelaget, gjer at også Finnøy står med full pott og tre poeng når no endeleg seriefotballen har starta opp igjen etter pandemien.
Og som så ofte før dei to-tre siste sesongene,så var det dei to løpsmaskinane frå naboøya Halsnøy, Jarle Sigbjørn R. Eike (2) og Torjus Halsne som scora måla for heimelaget.Der dei to siste måla vart sett inn i det 88. Min. (Halsne) og i det 92. Min.(Eike)
Tomålsscorar,Jarle Sigbjørn Eike ,vart av ein jury også kåra til dagens finnøyspelar.
-Det var på ingen måte nokon god kamp, konstaterer oppmann Jan Sigve Eike etter kampslutt.Som så ofte før når desse to laga blir det tøft og ampert.Det var også grunnen til at det blei delt ut fleire gule kort.Men når deg er sagt, meiner eg like fullt at me vann ein fortent siger, meiner Jan Sigve Eike, som også kunne gleda seg over eit stort publikumsoppmøte på Leikvoll i i den sterkt forseinka serieopninga.