Tekst og foto: Lars Skeiseid og Berner Meling Planteikningar: Gordon Sunde

- Det er mange grunnar for eit nytt idrettsbygg, seier formann i Finnøy Idrettslag Erling Bleie.

- Men sidan bygget sto ferdig på 70-talet er det blitt gammalt og nedslite. I tillegg har me behov for meir plass. Erling seier også at eit nytt idrettsbygg er blitt prioritert veldig lenge, minst ti år, men det har blitt prioritert fotballbane før klubbhus. Nå har klubben gode anlegg og det er rom for nye investeringar.

Arkitekt-teikna

Teikningane til byggjet er laga av Gordon Sunde. Han har kome fram til eit prisestimat på om lag 6,3 millionar kroner. Økonomisk skal klubben kunne handtere ein kostnad på sju millionar kroner. Ut frå Gordon Sunde sin pris er det blitt sett opp ein finansieringsplan og priskalkyle, som viser at eit nytt idrettshus vil kosta 185 000 årleg.

- Dette kan klubben finansiere utan å kutta på til dømes fotballutstyret, seier Erling.

- Kor kjem pengane til bygginga frå?

- Me har laga ein finansieringsplan med oversikt over dette. Me må naturlegvis låne ein del frå banken, men me har også hatt dugnadar, spara opp ein del, i tillegg til diverse sponsorar og spelemiddel. Me trur også at me får eit like stort tilskot frå kommunen som skyttarlaget fekk, på 500 000 kroner.

- Kva tid skal ein starte med bygginga av det nye idrettshuset?

- Planane må først vedtakast på årsmåte. Etter det har blitt vedteke må me i dialog med kommunen, og søka om spelemidlar. Når alle slike ting er i boks kan me byrja å bygga, men bygginga vil truleg ikkje starta før i 2018.

Bygd på same grunnmur

Den nye garderobedelen skal stå igjen etter rivinga av det gamle idrettsbygget. Grunnmuren til det gamle idrettshuset skal også stå igjen, men må truleg forsterkast. Det vil seie at arealet på nybygget blir det same som på det gamle, men i staden for to etasjar skal det vere halv-annen etasje, med eit tak som skrår nedover frå det høgste punktet på framsida av bygget.

- Frå der taket har skråa ned til 1,8 meters høgd og innover, kjem me til å ha lagringsplass, sidan ikkje alle i Finnøy Idrettslag er småtassar, seier Erling med eit smil.

Erling Bleie

Nybygget skal ha kiosk/kantine og eit klubblokale, som blir i andre etasje og har utsikt mot den store kunstgrasbanen. Det gir moglegheiter for servering av mat, mens ein ser på fotballkamp. I tillegg kan klubblokala bli brukt til styrerom og arrangement for om lag 20-25 personar.

- Ungdommen viktigast

- Eg gleder meg. Det er eit spennande prosjekt, og det blir spennande å presentera, seier Erling, då me spør han om kva han sjølv tenkjer om eit nytt idrettsbygg. - Men det viktigaste er dei yngre si meining, sidan det er dei som kjem til å få brukt idrettshuset mest. For viss det nye idrettshuset står like lenge som det me har no, kjem ungdommane til å bli like gamle som meg før det blir bygd eit nytt, avsluttar Erling med eit smil.

Meir informasjon kan ein finne på heimesida til Finnøy Idrettslag.