Det er alltid kjekt å jobba i lokalavis, men nokre dagar skjer det noko ekstra. Den nye nettløysinga gjer at me som jobbar i Øyposten er i enda betre humør enn til vanleg. Ikkje fordi me er så opptekne av data, men fordi den nye løysinga er betre for lesarar og annonsørar.,

Meir på nett

Den nye løysinga gjer det lettare for oss å publisera artiklane raskare. Me får nye tekniske moglegheiter som gjer stoffet betre. Og det gir oss motivasjon til å satsa meir digitalt. Det betyr at lesarane får meir stoff på nett enn før, og at stoffet blir betre. Me blir raskare og meir aktuelle, og me skal i kombinasjonen nett og papir skape eit betre totalprodukt.

Satsar på papir

Samstundes skal me fortsette den gode utviklinga med papiravisa. Tilbakemeldingane frå lesarane og annonsørane på dei endringane me har gjort med produktet dei siste ti månadane, er gode. Me har ambisjonar om å laga ei folkeleg avis som både kan opplyse og underhalde, og på same tid vera kritisk og heia på lokalsamfunnet, anten det er i Finnøy eller Rennesøy. Styret i avisa har staka ut kursen for framtida, og det gir nye moglegheiter og nye utfordringar for ei lita avis.

Alle må betale

I nokre dagar til vil det framleis vera mogleg å lesa nyheiter gratis på oyposten.no, men så blir det slutt. Då vil nyheitene bli tilgjengelege berre for dei som betalar. Sånn må det vera. Det er ikkje rett at dei lojale lesarane, som kvart år betaler sitt abonnement, skal sponsa gratis lesing for dei som ikkje vil betala. Du kan ikkje gå inn på Kiwi og henta deg eit gratis brød, og du kan heller ikkje venta å få lesa Øyposten utan å betala. Øyposten treng kvar ein lesar og kvar ein annonsør. Om de vil ha oss, så er me klar til innsats – på nett og papir.

PS! Når det gjeld det praktiske med innlogging og betaling på den nye nettsida, så kjem me tilbake med meir informasjon. Inntil vidare er nettsida open for alle.