Frå fyrstkommande fredag er Finnøy med i billettordninga HjemjobbHjem. Foto: Arkiv.

Tidlegare i sommar skreiv Øyposten ei sak om den nye og gunstige billettordninga i Kolumbus som gjeld for ungdom og studentar som reiser til og frå byøyane og Hommersåk, men ikkje til Ryfylke.,

Saka har, ikkje uventa, engasjert folk i Ryfylke, og mange tykkjer det er svært urettvis det som nå har skjedd.

Leiar i samferdselsutvalet Arne Bergsvåg sa i ein kommentar til Øyposten i sommar, at dette er ei sak som har gått under radaren, og at politikarane ikkje har vore aktsame nok då vedtaket blei gjort. Han lova å ta opp saka i samferdselsutvalet 25. september.

,-

Kvifor blei ikkje det gjort?

- Det blei slik fordi samferdsleutvalet, saman med Kolumbus, ynskjer å ta ein full gjennomgang av rutestrukturen, samt takst- og rabattsystemet for hurtigbåtane i nærmaste framtid. Me veit det er ting som skurrar, blant anna takstsystemet med soneinndelingar. Takstar og billettering heng diverre etter i systemet vårt, men no skal me som sagt sjå på desse tinga på nytt. Eg forstå at folk i Ryfylke kan oppleva dette som forskjellsbehandling. Finnøy og Ryfylke har sjølvsagt bruk for dei same ordningane som resten av fylket.

Frå og med 13. juni blei det billigare for ungdom over 15 å reisa med Kolumbus, i tillegg til at studentrabatten blei utvida til å omfatta fleire reisande. Den nye ordninga gjeld for buss, lokaltog og hurtigbåt til Byøyane og Hommersåk, men ikkje på hurtigbåtane i Ryfylke.

Oddbjørg M. Måland