Fersk brudgom blei matchvinnar i toppoppgjør

Laurdag stod han brudgom og vart «smidd i Hymnens lenker».I kveld vart bryllupsfesten til Einar Nordbø krona med nok ein viktig siger,då han kriga inn seiersmålet i toppkampen mot Pol på Leikvoll.Finnøy befesta dermed sin 2. plass på tabellen med  sin 3-2 siger , og la også bylaget 4 poeng bak seg i kampen om direkte opprykk til 5.divisjon.

  • Øyposten Nett
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fem år gammel

I den tette og jamne kampen,som like godt kunna vippa i favør av den tradisjonsrike klubben med tilhald på Stemmen på Tasta,var det heimelaget som utnytta sjansane best.Ved pause stod det 2-1 til Finnøy,etter at halsnøyduoen på midtbanen,Anders Eike og Jarle Sigbjørn Risanger Eike,hadde gitt heimelaget ei 2-0 leiing.Begge to flotte mål etter fint oppbygde angrep.Det også etter at Finnøy sin bestemann ,keeper Beniamin Ciuciu ,meisterleg redda straffesparket til Pol på stillinga 1-0 til Finnøy.

Når tre kampar står att,ligg Finnøy med sine 31 poeng, berre 2 poeng bak Kvitsøy som toppar pulja.Og det er nettopp Kvitsøy som står på den andre banehalvdelen når kampen om opprykk skal avgjerast i siste serierunde.Tysdag i neste veke ventar ein tøff bortekamp mot Vaulen 2,før Stavanger 2 gjestar Leikvoll i den siste heimekampen.Truleg vil 4 poeng på dei tre siste kampane for Finnøy vera nok til direkte opprykk.

Publisert: